For å kunna ivareta naturmangfaldet må det lagast tydelegare rammer og standardar for artskartlegging. Med dagens rutinar blir ikkje all kartlegging tilgjengeleg for alle.

– Ei meir komplett artskartlegging og meir tilgjengelege data, vil gi betre kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag i forvaltning av naturmangfald i Noreg, seier Bjarte Rambjør Heide, direktør i Artsdatabanken, og utdjupar.

Tilgjengeleg for alle

– I dag blir artar kartlagde for mange ulike formål og med ulik kvalitet. Data frå mange slike kartleggingar blir heller ikkje gjorde tilgjengelege.

Det er eit krav at naturdata skal leggjast inn i ein offentleg database som Artskart eller Naturbase, men i praksis er det vesentlege mengder kartleggingsdata som ikkje er tilgjengeleg. Dette vart avdekt i rapporten frå Biofokus, som er ein del av dette arbeidet.

– Rapporten avdekte at berre 7 av 20 gjennomgåtte konsekvensutgreiingar har gjort artsdata tilgjengeleg i offentlege databasar, seier Heide. – Målet må vera at alle data frå all kartlegging skal vera tilgjengeleg for alle.

Artsdatabanken har leia eit utgreiingsarbeid initiert gjennom eit samarbeid med Miljødirektoratet. Fleire sentrale fagmiljø i Noreg er involverte, og det er gitt gode innspel frå både bestillarar, kartleggjarar og brukarar av data frå artkartlegging. Utgreiinga har sett på svakheiter og forbetringspotensiale med dagens ulike typar kartlegging av artar. Dette er samanfatta i konkrete tilrådingar.

Betre avgjerdsgrunnlag

Konseptutgreiinga frå Artsdatabanken tilrår overordna krav til all artskartlegging. Det må vera eit tydeleg rammeverk for korleis artskartlegging skal gjennomførast, korleis ho skal dokumenterast og korleis område skal avgrensast på kartet. Gjennom tydelegare krav og ei betre standardisering av artskartlegging, vil både datagrunnlaget og kunnskapen bli betre og meir tilgjengeleg.

– Kartlegging av artar og naturtypar er kostnadskrevjande. Tydelegare krav og rammer for kartlegginga, vil gi brukarane av kartleggingane ei langt betre forståing av dataa. seier direktør Heide.

Tydelege krav til metadata

Eit viktig omgrep i artskartlegging og forvaltning av areala til artane, er "funksjonsområde". Funksjonsområda knyter ein art til eit areal som kan avgrensast på eit kart. For planteartar vil leveområda til arten vere bestemt av dei økologiske krava til arten, som kan beskrivast ved hjelp av Artsdatabankens typesystem "Natur i Noreg" (NiN).

For artar som bevegar seg mykje, som fuglar og pattedyr, vil kartlegging måtta avgrensast til den ulike bruken til desse artane av areala, som til dømes hekkeområde eller beiteområde. Dersom det berre er kartlagt fuglar i ei konsekvensutgreiing, og ingen andre artar, er også dette viktig informasjon om eit gitt areal.

– For at data frå artskartlegging skal brukast best mogleg, må det også stillast krav til kva som skal følgja med datasetta. Informasjonen som følgjer med kartleggingsdata, vert kalla metadata. Det å vita kvar og når kartleggingane har skjedd, til kva formål, og ikkje minst kva som faktisk er kartlagt og ikkje kartlagt, gir brukarane mykje betre forståing av informasjonen, avsluttar Heide.