Kartlegging av det ukjende mangfaldet av lavbuande (lichenikole) soppar
5-24
Lichenikole soppar, også kalla lavbuande soppar, er ei biologisk definerte, taksonomisk mangfaldig gruppe av soppar som infiserer lavar. Gruppa er blant dei dårlegast kjende organismane i Noreg.
Målet for dette prosjektet er å skaffe ny kunnskap om lavbuande soppar gjennom feltarbeid i område som til no ikkje har vore systematisk undersøkt. Det skal setjast søkjelys på taksonomi, særleg i Arthoniomycetes, Leotiomycetes og Sordariomycetes, fordi me veit det er eit stort udokumentert artsmangfald i desse klassane. DNA-strekkoding vil vere eit viktig verktøy i dette arbeidet.
Gjennom dette prosjektet, forventar vi å oppdage 30-40 lavbuande soppar som er nye for Noreg, og av desse vil 12-15 vere nye for vitskapen. Det vil bli skaffa fram meir kunnskap om utbreiinga til 200-250 artar, og vidare informasjon om biologien til desse artane. Døme på det siste er kva vertar dei treng eller føretrekkjer, kva krav dei har til habitatet og i kva naturtypar dei lever. Prosjektet vil oppdatere sjekklista over lichenikole soppar i Noreg, og bidra med DNA-strekkodar frå 100 - 120 artar, samt opp til 50 vertar, til DNA-strekkodingsbanken, Barcode of Life Data Systems (BOLD).
I tillegg til vitskapleg publisering og konferansebidrag, skal prosjektet òg sørgje for utveksling og overføring av kompetanse på lavbuande soppar. Dette vil skje gjennom undervisning på universitetsfeltkurs og ein internasjonal workshop.