Lista omfattar morfologiske, systematiske, evolusjonære, økologiske og geografiske omgrep brukt i floraen i Arter på nett. For mange av dei morfologiske omgrepa er også det tilsvarande latinske omgrepet teke med i parentes.

A

agamospecies – Småart. Ei systematisk eining innanfor grupper med ukjønna frøformeiring (agamospermi, sjå nedanfor). Småartar er oftast svært einsforma med konstante (men få) skiljekarakterar mot andre småartar. I mange grupper har ei stor mengd slike småartar blitt beskrivne og namnsette, til dømes i sveveslekta Hieracium, nyresoleiegruppa Ranunculus auricomus s. lat., bjørnebærslekta Rubus og løvetannslekta Taraxacum.

agamospermi – Ukjønna frøformeiring, det vil seie at frøet ikkje treng fertilisering for utvikling (men sjå pseudogami).

agn – Tre tydingar: (1) Støtteblad for dei einskilde blomane i ei korg (bractea, ofte berre synlege når ein tek vekk blomane. (2) Blad i småakset hos gras (gluma, lemma). (3) Den smale, samanvaksne delen av fruktblada i frukta hos Geranium, ovanfor der frøet sit (merikarpen).

agnor – Sjå brodd.

aks (spica) – Blomestand der blomane sit enkeltvis og utan skaft på ein forlengd midtakse. Ein enkel (ikkje greina) blomestand.

aksskjel – Sterile støtteblad (utan blomar) nedst i eit aks, til dømes i sumpsivaksslekta Eleocharis og myrullslekta Eriophorum.

allopolyploid – Som er oppstått ved hybridisering mellom to ulike artar (eller underartar), og som har dobla kromosomsettet. Medan primærhybriden oftast er heilt eller nesten steril, så vil dobling av kromosomsettet ofte gjere at planten får nokså normal reduksjonsdeling og blir fertil, men at han på grunn av ulikt kromosomtal ikkje kryssar seg tilbake med foreldra. Dette er ein hovudmåte for brå (abrupt) artsdanning, i motsetnad til gradvis. Sjå òg polyploid.

allotetraploid – Som er oppstått ved hybridisering mellom to systematisk ulike, diploide plantar, anten ved samansmelting av to ureduserte kjønnsceller, eller (truleg oftare) ved kromosomdobling til tetraploid nivå frå ein diploid primærhybrid. Slik kromosomdobling kjem truleg òg i stand ved ureduserte kjønnsceller. Tetraploidar blir oftast reproduktivt isolerte frå dei diploide foreldreartane sine. Sjå òg allopolyploid (ovanfor) og polyploid.

alpin – To tydingar. (1) I økologisk samanheng brukt om dei tre vegetasjonsbelta over skoggrensa: låg-, mellom- og høgalpint belte, dvs. snaufjellet. (2) I geografisk samanheng om utbreiing knytt til tempererte fjellstrøk, til dømes «arktisk-alpin», som tyder utbreidd i Arktis og i fjellstrøk sør for Arktis.

alternerande – Ikkje motsette. Blir oftast brukt om småblad på finna blad. Elles blir omgrepet «skruestilt» brukt.

amfi-atlantisk – Utbreidd på begge sider av Nord-Atlanteren, men ikkje sirkumpolart.

amfi-beringisk – Utbreidd på begge sider av Beringstretet, men ikkje kring Nord-Atlanteren.

amfi-pasifisk – Utbreidd på begge sider av Stillehavet (for artane her i boka det nordlege Stillehavet).

androgyn – Som har ein blomestand med einkjønna blomar av begge kjønna, og der hannblomane sit øvst. Det motsette er gynandrisk. Begge delane er særleg tydelege i småaks hos storrslekta Carex.

annuell – Sjå eittårig.

annulus – Ring. Hos bregneplantane ei rekkje med tjukkvegga celler på ryggsida av sporangiet. Når sporangiet er moge, krympar desse cellene brått saman slik at sporangiet opnar seg og slengjer ut sporane.

apofyse – Kongleskjela hos furu Pinus har ein utvekst kalla «apofyse», anten i toppen eller på ryggsida, og midt på apofysen sit ein navle kalla «umbo», hos nokre artar med ein pigg på midten.

apomiksis – Ukjønna formeiring, anten med ukjønna frøformeiring (agamospermi, sjå der), med yngleknoppar eller på anna vis.

apomiktisk – Som har apomiksis.

Arktis – Område med arktisk klima og vegetasjon, nord for den polare skoggrensa.

arktisk – Som er utbreidd i Arktis.

arktisk steppe – Ein svært tørr naturtype i Arktis, i Noreg berre godt dokumentert frå dei midtre og indre delane av Wijdefjorden på Spitsbergen.

arktisk-alpin – Som er utbreidd i Arktis og i tempererte fjellstrøk.

arr (stigma) – Flata der pollenet landar og spirer på eit fruktblad eller eit fruktemne, ofte med papillar som held pollenet fast. 

arrskive – Flat skive på toppen av ein kapsel, oftast med arrstrålar (sjå figurar i gulnøkkeroseslekta Nuphar, og i valmueslekta Papaver).

arrstråle – Ei linjeforma arrflate på ei arrskive; oftast er det like mange arrstrålar som det er fruktblad. Særleg i gulnøkkeroseslekta Nuphar og valmueslekta Papaver.

art (species) – Hovudkategorien under slekt i det systematiske hierarkiet. I eit vitskapleg artsnamn er det andre leddet eit artsepitet, medan det første er slektsnamnet.

aseksuell – Ukjønna.

assimilasjon – Fotosyntese.

asymmetrisk blome – Ein blome som ikkje har noko symmetriplan.

attståande – Som har vore dyrka, som (oftast) ikkje formeirar seg med frø på staden, men som er fleirårig og kan stå att i lang tid, til dømes på utkasta hageavfall, og som kan spreie seg noko med til dømes rotskott. Typiske attståande plantar er mange artar av spireaslekta Spiraea og haustastersslekta Symphyotrichum.

Austlandet – Samlenamn for austlandsfylka (Østfold, Akershus med Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold og Telemark), med eller utan Agder.

austleg – Som er utbreidd i norske område med eit noko kontinentalt klima, i to eller fleire av desse områda: indre Austlandet, indre Trøndelag, indre Nordland, og indre Troms og Finnmark.

Australasia – Sørlege Asia (austral betyr her ‘sørleg’ og ikkje Australia). Oftast brukt om områda i SA-Asia frå Myanmar, Laos og Vietnam og sørover.

autopolyploid – Som er oppstått ved kromosomdobling innanfor ein art. Ein autopolyploid plante vil oftast vere reproduktivt isolert frå foreldrearten og er eit døme på brå (abrupt) artsdanning. Sjå òg polyploid og allopolyploid.

avlang – Som er to til tre gonger lengre enn brei, om lag jambrei, og oftast avrunda i begge endar (om blad eller andre organ). 

avrunda – Som er om lag rund, eller brukt om avrunda bladspiss og bladgrunn (om blad eller andre organ). 

B

ballast/ballastjord – Daudlast på skip som gjekk utan nyttelast, ofte jord eller sand. Skip kom ofte i ballast til Noreg for å hente trelast eller fisk, og ballastjorda blei tømd, frå først av oftast i sjøen, seinare på land på særlege ballastplassar av di ballastjorda i sjøen fylte opp seglingsleiene inn til hamnene. Ballastplassar med innførsel av spesielle plantar er kjende langsmed kysten frå Østfold til Trøndelag, medan ei opplysning om ein ballastplass i Lillehammer er mindre truleg. Ballastjord og ballastplantar var ei tid så viktige at ordet «ballast» blei brukt synonymt med «avfall», noko som truleg var tilfelle i Lillehammer.

ballastplante – Ein plante som berre eller hovudsakleg er komen til landet med ballastjord.

ballist – Ein plante der stengelen blir stiv etter frømogninga og fjørar og slengjer ut diasporane (frø, frukter) når noko kjem borti han.

bandforma – Som er svært lang og jambrei, forma som bendelband, til dømes brukt om blad hos ålegras Zostera.

basefattig, baserik – Som har lågt eller høgt karbonatinnhald (om berggrunn eller jordsmonn).

basekrevjande – Som krev berggrunn eller jordsmonn med høgt karbonatinnhald (om plantar).

baugforma – Som er forma som baugen på ein båt (om bladspiss).

beger (calyx), begerblad (sepal) – Ytre blad i eit blomedekke med to eller fleire kransar av ulikt forma og/eller farga blad. Begerblada er oftast grøne og mindre synlege enn kronblad, men kan stundom ha skiltfunksjon, til dømes hos røsslyng Calluna vulgaris og strandkryp Lysimachia maritima

begerflik – Den frie delen av begerbladet på eit elles samanvakse beger. Om den frie delen er svært liten og tannforma, blir han kalla begertann.

begerrøyr – Den nedre, samanvaksne delen av eit beger. 

begertann – Sjå begerflik.

beitemark – Ein stad der husdyr årvisst eller nesten årvisst beitar.

bestand – Ei lokal samling plantar av same art.

bikrone – Flikar, ofte samanvaksne til ein krage eller eit breitt røyr på oppsida/innsida av ei krone. Finst typisk mellom anna hos påske‑ og pinseliljer Narcissus.

bipolar – Som er utbreidd både i dei nordlege og sørlege tempererte og polare områda, men ikkje i tropane imellom. Slike plantar tyder anten på ei splitting av ei tidlegare meir samanhengande utbreiing, eller på langdistansespreiing.

bisentrisk – Som er utbreidd i eitt område i sør og eitt i nord i den skandinaviske fjellkjeda, men som vantar på midten (oftast i eit belte over Nord-Trøndelag og Jämtland).

bisymmetrisk blome – Blome med to symmetriplan. 

blad (folium) – Eit flatt eller stundom trint organ, oftast grønt og innretta på fotosyntese (med klorofyll). Hovuddelar av blad.

bladgrunn – Den nedre delen av ei bladplate, mot bladskaftet eller mot bladfestet hos sitjande blad. 

bladhjørne – Vinkelen mellom bladet og stengelen, der bladet eller bladskaftet er festa på stengelen, og der det ofte sit ein knopp. 

bladplate (lamina) – Den flate delen på blad som er delte i plate og skaft. Hos tofrøbladingane ofte klart avgrensa frå skaftet, hos einfrøbladingane oftast mindre klart avgrensa og truleg avleidd frå skaftet. 

bladskaft (petiolus) – Den smale, ofte trinne delen på blad som er delte i plate og skaft. 

bladslire (vagina, ochrea) – Ein del av bladet som sit kring stengelen, kan vere folda saman kring stengelen eller heilt vakse saman til eit røyr, figur 2. Ofte sit det ei slirehinne (sjå nedanfor) i overgangen mellom bladslire og bladplate.

bladspiss – Den øvre, oftast smalare delen av ei bladplate. Ofte omtala i teksta som toppen av bladet.

bladøyre – Flikar ved grunnen av bladskaftet eller bladplata ved festet til stengelen. Bladøyre og øyreblad (sjå der) er ulike organ.

blome (flos) – Samling av reproduksjonsorgan og sterile blad kring desse hos nakenfrøingar og dekkfrøingar.

blomeblad – Sterile blad kring dei reproduserande delane av blomen. Dei kan vere udifferensierte, og blir då berre kalla blomeblad (tepalar), eller differensierte i begerblad (sepalar) og kronblad (petalar), sjå desse.

blomebotn (receptaculum) – Den øvste delen av blomeskaftet, der blomeblad, pollenberarar og fruktblad er festa. Kan vere tappforma, flat, skålforma eller krukkeforma. 

blomedekke (perianthium eller perianth) – Samling av blomeblad, kan sitje i skrue eller i éin, to eller stundom fleire kransar. 

blomeeining (floret) – Det som sit i småakset hos gras, der det er noko uvisst kva for organ som går inn i blomen. Kvar blomeeining inneheld oftast ei inneragn (lemma), eit forblad (palea), to eller tre lodiculae (sjå nedanfor), pollenberarar og ein fruktknute. 

blomeleie – Ein flat, halvkuleforma eller kjegleforma blomestandsakse i ei korg. 

blomeplante – Plante med blomar, til skilnad frå sporeplantar.

blomerøyr – Samanvakse blomedekke. Blir oftast brukt der blomedekket ikkje er delt på beger og krone (der det er dobbelt blomedekke, bruker ein omgrepa begerrøyr og/eller kronrøyr).

blomeskaft (pedicellus) – Skaftet til ein einskild blome.

blomestand (inflorescens) – Samling av to eller fleire blomar. Typar av blomestandar.

blærehår – Blæreforma hår.

bogenerva – Som har ein spesiell type bladnervatur der nervane divergerer på midten, men møtast ved grunnen og i spissen av bladet. 

boreal – To tydingar. (1) Utbreidd i dei boreale vegetasjonssonene. (2) Nordleg, men med hovudtyngda sør for Arktis (i samansetjingar med sirkumpolar, amfi-atlantisk og amfi-beringisk).

bork (cortex) – Dei ytre, oftast tjukke vevlaga på stammar og greiner, mest kjende frå vedplantar.

borktorn – Torn frå borken, losnar mykje lettare enn greintornar. Til dømes har roser Rosa borktornar.

brakkmark – Kulturmark som ligg brakk (ikkje er i bruk).

brakkåker – Åker som ligg brakk (ikkje er i bruk dette året).

brakkvasseng/sump – Strandeng eller strandsump som meir eller mindre jamt blir overfløymd av brakkvatn (vatn med lågt saltinnhald).

brennehår – Hår som inneheld ei brennande skarp væske, maursyre, hos nesleslekta Urtica. Om ein kjem bort i håra, brekker spissen av og set att ein skarp, innhol syl som ein sprøytespiss.

brodd (arista) – To tydingar. (1) Ein forlengd bladspiss, særleg i småakset hos gras. Her er det viktig å skilje mellom brodd (forlengd spiss på ei agn) og snerpe (ryggstilt på agna). (2) Ei skarp tann i kanten av blad eller på stenglar.

broddhår, broddhåra – Kvasse, stive hår.

broddspiss – Bladspiss, lang og smal, ofte kvass eller skarp. 

bufast – Som formeirar seg jamleg og held seg på staden.

bukta – Som er grissent bøygd ut og inn (om bladkant). Sjå òg «krusete» og «bølgjete».

buktflika – Som har butte innskjeringar mellom flikane (om flika blad). 

bukttanna – Som har butte innskjeringar mellom bladtennene. 

bulliforme celler – Bobleforma celler. Brukt om nokre celler på bladoverflata hos nokre få gras.

busk – Oftast fleirstamma vedplante med mange, jamtjukke stammar, kan stundom bli opptil 4–5 m høg, men er oftast lågare.

butt – Som ikkje endar i ein spiss (om organ, oftast blad eller begerblad). 

buttkanta – Som har avrunda kantar og oftast flate til konvekse sider (brukt om trinne organ, til dømes stenglar).

bær (bacca) – Saftig frukt. Oftast forma av fleire fruktblad og der frøa ligg i eit saftig fruktkjøtt danna av fruktveggen. 

bæreple (pomum) – Saftig frukt. Fruktveggen samanvaksen av dei saftige fruktblada og ein saftig blomebotn; spesialtype i delar av rosefamilien Rosaceae. 

bærkongle (galbulus) – Kongle der kongleskjela blir saftfulle, i Noreg berre hos einerslekta Juniperus.

bølgjete – Som bølgjar opp og ned (oftast brukt om bladkant).

børste – Omdanna blomeblad, oftast som eit stivt hår, stundom med taggar eller mothakar (omgrep brukt i storrfamilien Cyperaceae).

børstehår, børstehåra – Stive, børsteliknande hår.

båtforma – Som er V-forma i tverrsnitt (med kjøl) og baugforma samanvaksne i spissen, til dømes i mange gras (om blad i søtgrasslekta Glyceria, rappslekta Poa, saltgrasslekta Puccinellia).

C

cyathium – Blomestand i vortemjølkslekta Euphorbia, der ei skål inneheld ein naken hoblome i midten og fleire buntar av hannblomar reduserte til berre pollenberarar, og på kanten av skåla med kjertlar som liknar på blomeblad. 

D

dalstrøk – Dalane innover i Noreg mellom kysten og fjellstrøka, til dømes hovuddalane på Austlandet og Sørlandet og dalføra innanfor fjordane på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg.

dekkskjel (bractea) – Støtteblad til blomar, der desse er sterkt reduserte. Omgrepet støtteblad er det korrekte, men omgrepet dekkskjel er brukt her i floraen i storrfamilien Cyperaceae, av di fleire slekter her har store støtteblad for aksa og skjelforma støtteblad for blomane.

delfrukt (mericarpus) – Del av ei spaltefrukt, sjå denne.

delt – Som er delt om lag til grunnen, men ikkje med heilt frie småblad (om blad). Sjå òg fjørdelt og handdelt. 

dendroide hår – Hår som er uregelrett greina (treforma eller buskforma). Særleg tydeleg i rublomslekta Draba og nokre andre slekter i krossblomfamilien Brassicaceae.

dimorf heterostyli – Blomar som har to ulike former på ulike plantar, nokre med lange griflar og korte pollenberarar, andre omvendt. Førekjem til dømes i mange artar i nøkleblomslekta Primula og i fjørekoll Armeria maritima. Sikrar krysspollinering.

diploid – Som har to kromosomsett i kvar celle (om celler, vev og plantar). To tydingar. (1) Brukt generelt om sporofytten hos karplantar. (2) Brukt om plantar med det lågaste kromosomtalet (to gonger det haploide grunntalet) i ein polyploid serie.

diskoid korg – Ei korg berre med røyrforma skiveblomar (til dømes tunbalderbrå Lepidotheca suaveolens og reinfann Tanacetum vulgare).

diskus – Ein nektarkjertel inne i blomen, ofte som ein ring kring fruktknuten. 

divergerande – Som sprikjer frå kvarandre (oftast om nervar i blad). Sjå òg konvergerande.

dobbelt blomedekke – Blomedekke i to eller fleire kransar, delt på beger og krone.

dobbelt sagtanna – Som har ein slik bladkant. Sjå sagtanna.

dobbeltkvast (dichasium) – Blomestand. Gaffelgreina kvast der greinene regelmessig greinar seg på ny, særleg i nellikfamilien Caryophyllaceae. 

dobbeltskjerm (umbella) – Blomestand. Ein samansett skjerm (storskjerm) med småskjermar. Storskjermen har støtteblad kalla storsveipblad, medan småskjermane har småsveipblad. Særleg i skjermplantefamilien Apiaceae. 

dogga – Som har eit vokslag på overflata, oftast grått, kvitt eller blåleg.

dolomitt – Bergart av kalsium-magnesium-karbonat. Oftast er balansen mellom kalsium og magnesium slik at dolomitten verkar som ein kalkbergart meir enn som ein ultramafisk bergart (sjå der). Særleg utbreidd i N-Troms og Finnmark.

driftvoll – Stader i flaumsona eller ved flomerket på strand der det hopar seg opp planterestar. Driftvollar ved havet inneheld oftast tangrestar, ved innsjøar og elvar oftast restar av karplantar. Plantematerialet blir brote ned og frigjer næring (og varme) og gjev ofte kortvarige, gode vekstforhold.

dunhåra – Som har korte, oftast rette hår.

dusk (panicula racemosa) – To tydingar. (1) Blomestand der kvastar er sette saman i klase, til dømes hos bergmynte Origanum vulgare. (2) Delblomestand hos nokre gras; tett samling av småaks på tydelege skaft, oftast i ei stor, samansett samling, til dømes hos hundegras Dactylis glomerata og strandrøyr Phalaris arundinacea.

dvergbusk – Busk der skotta oftast er lågare enn 40–50 cm, eller dei kryp på eller rett under jordoverflata.

dynetrau – Søkk i sanddyner der sanden er erodert ned mot grunnvatnet, ofte overfløymde om vinteren, men blir tørre utpå sommaren.

dyrespreiing (zoochori) – Spreiing av frø eller frukter med dyr. Maurspreiing (myrmechochori) og fuglespreiing (ornitochori) er to typar av dyrespreiing.

E

edellauvskog – Sørlege typar av lauvskog med sterke innslag av varmekrevjande, breiblada lauvtre (særleg alm Ulmus glabra, ask Fraxinus excelsior, bøk Fagus sylvatica, eikeartar Quercus, lind Tilia cordata og spisslønn Acer platanoides). Edellauvskog finn ein i nemoral, boreonemoral og flekkvis i sørboreal sone.

eggforma – Som er 1,5 til 2 gonger så lange som breie og breiast nedanfor midten (om blad og stundom om andre organ). 

eining – Nøytralt og uformelt omgrep om ei systematisk gruppe plantar der ein ikkje vil seie noko bestemt om kva for rang dei skal ha.

einkjønna – Som har fungerande organ berre av det eine kjønnet i blomen (eller hos planten); stundom finn ein rudiment av det andre kjønnet, stundom ikkje.

einsforma – Einskapleg, oftast brukt morfologisk om plantar eller plantedelar som varierer lite.

einsidig kvast (monochasium) – Blomestand. Kvast der berre den eine sida blir utvikla ved kvar forgreining. Hos tofrøbladingane, med to meir eller mindre motsette forblad, blir denne ofte til ein sikksakk-kvast av di forgreininga annankvar gong kjem frå det høgre og venstre forbladet. Hos einfrøbladingane, med berre eitt ryggstilt forblad, blir forgreininga oftast til ein sigd.

eittårig (annuell) – Som lever berre éin sesong, men som kan spire om hausten før han blømer neste vår (vinterannuell). Eittårige plantar kjenner ein mellom anna på at alle skott oftast endar i blomar (dei treng ikkje reine bladskott for å byggje opp næring til neste sesong), og på at røtene er granne og veike.

ekstravaginal – Som bryt ut gjennom slira på støttebladet, mest brukt om skott hos gras der artar innanfor til dømes svingelslekta Festuca, rappslekta Poa og saltgrasslekta Puccinellia skil seg frå kvarandre i om dei har intravaginal (sjå der) eller ekstravaginal forgreining.

elaiosom – Eit feitt- eller oljerikt vedheng på frø eller frukter, tilpassa spreiing med maur (myrmechochori).

elliptisk – Som er 1,5 til 3 gonger så lange som breie, breiast kring midten og med bogne sidekantar (om blad). Om sidekantane er bogne eller meir rette, er skilnaden mellom elliptisk og avlang.

elveøyr – Stein‑, grus‑ eller sandøyr i flaumelvar. Ein veksestad som er ustabil og der det blir tilført mykje frø og plantedelar frå høgare opp i vassdraget, til dømes av fjellplantar der frøa kan følgje med bekken eller elva ned i låglandet. Førekomstar av fjellsnelle Equisetum variegatum ved Glåma i Øf Rakkestad og ved Lågen i Vf Larvik er gode døme på slik spreiing.

embryo – Kimplanten som veks fram inne i frøet, frå embryosekken (placenta), etter fertilisering.

endemisk – Som berre er utbreidd i eit mindre område. I denne floraen blir plantar rekna som endemiske om deira utbreiing er avgrensa til NV-Europa.

endesmåblad – Det øvste (ytste) småbladet på eit ulikefinna blad eller det midtre småbladet på eit kopla blad.

endosperm – Eit næringsvev inne i frøet, veks fram frå sentralkjernen i embryosekken etter ei dobbel fertilisering der ei celle frå pollenkornet fertiliserer eggcella, ei anna celle fertiliserer sentralkjernen. Hos plantar med pseudogami (sjå der) blir ikkje eggcella fertilisert, men ei celle frå pollenkornet fertiliserer sentralkjernen slik at det blir utvikla ein endosperm som næringsvev for frøet.

eng – Ein stad der fleirårige plantar blir dyrka eller hausta til fôr, i motsetnad til beitemark, der det ikkje blir hausta. Sjå òg slåtteeng og kultureng.

enkelt blad – Blad som ikkje er samansett.

enkelt blomedekke – Blomedekke i berre éin krans eller med fleire like kransar, ikkje delt på beger og krone.

enkelt hår – Ugreina hår, oftast berre av éi celle. 

enkeltfinna (pinnatum) – Om blad som er finna éin gong. 

epidermal harpikskanal – Harpikskanal som ligg ut mot overflata (epidermis) av nålene (hos bartre). Sjå òg medial harpikskanal. Epidermale harpikskanalar har mindre tverrsnitt enn mediale.

epidermis – Det ytste cellelaget i blad eller stenglar. Epidermisceller kan vere viktige for bestemming innanfor til dømes sumpsivaksslekta Eleocharis og saltgrasslekta Puccinellia. Undersøking av epidermis krev mikroskop og oftast spesiell prepareringsteknikk.

epifytt – Plante som veks oppe i andre plantar (epifyttisk), oftast i tre og buskar.

Eurasia – Det samanhengande europeisk-asiatiske fastlandet.

eurasiatisk – Som er utbreidd i Europa og Asia (inkl. Sibir), men ikkje i Nord-Amerika.

europeisk–vestasiatisk – Som er utbreidd i Europa og V-Asia (inkl. V-Sibir).

europeisk–vestsibirsk – Som er utbreidd i Europa og V-Sibir, ein svært vanleg type utbreiing.

eurosibirsk – Som er utbreidd i Europa og Sibir (òg A-Sibir).

eviggrøn – Som står grøne og fungerer over meir enn éin sesong (om blad). Sjå òg vintergrøn.

F

familie – Hovudkategori over slekt i det systematiske hierarkiet. Alle familiar har no eit namn med endinga «‑ceae» (men nokre familiar har òg alternative namn).

fastmatte – Den nest øvste sona i ein tuve–lausbotn-gradient i myrar; ei samanhengande, fast vegetasjonsmatte der grunnvatnet i periodar med mykje nedbør når opp til overflata.

fattigmyr – Myr som berre får næring frå næringsfattig jordvatn (sigevatn), i tillegg til nedbør.

Fennoskandia – Samlenamn for Skandinavia og Finland.

fertil – Som set frø eller sporar som kan spire.

filthår, filthåra – Lange hår som er filtra inn i kvarandre.

finna – Som har to eller fleire par småblad langsetter ein midtakse (om samansette blad). Bladet kan vere finna éin eller fleire gonger. 

finne – Det einskilde småbladet på finna blad, sjå ovanfor.

fjellbjørkeskog – Det øvste skogbeltet mot fjellet der dette er dominert av fjellbjørk Betula pubescens subsp. czerepanovii. Nokre stader i landet går gran‑ eller furuskog heilt opp til skoggrensa. Fjellbjørkeskogen er alltid i nordboreal sone.

fjellskog – Felles omgrep for skogen opp mot fjellet (nordboreal).

fjordstrøk – Brukt om fjordområda mellom ytterkysten og innlandsdalane, mindre oseaniske enn ytterkysten, men oftast meir oseaniske enn innlandet.

fjorårsskott/-kvist – Kvist som er to år gammal.

fjørdelt – Som har midtakse og er djupt sideflika om lag til grunnen (om blad). 

fjørflika – Som har midtakse og sideflikar (om blad). 

fjørhår, fjørgreina hår – Hår med sidegreiner som ei fjør.

fjørnerva – Som har midtakse og sidenervar (om blad). 

fjørstråle – Den eine typen av fnokkstråle i ein fnokk (pappus) på frukta hos korgplantar. Hår med sidegreiner. 

flagell – Lange renningar som i enden snur oppover og endar i ei korg. Fleire tydingar, men her i boka berre brukt i hårsveveslekta Pilosella.

flark – Samlenamn for dei blautaste delane av ei jordvassmyr.

flat – Som sprikjer rett ut (oftast brukt om blomeblada). 

flatmyr – Myr i dalbotn og ved vatn, har lita eller inga helling og nokså stilleståande grunnvatn. Flatmyrar er oftast næringsfattige til mellomrike, ofte òg med tuver av nedbørsmyr.

flaummark, flaummarkskog – Mark eller skog som nesten årvisst blir overfløymd, langsmed elvar og sjøar.

fleircella/mangecella hår – Hår av to eller fleire celler i rekkje, med tydelege skiljeveggar mellom cellene. Også kalla leddhår.

fleirårig (perennis) – Som lever fleire år og oftast blømer fleire gonger. Nokre få fleirårige plantar blømer berre éin gong og døyr (hapaxanthar). Fleirårige plantar har normalt både blomeskott og reine bladskott (viktig skilnad mot to- og eittårige plantar).

fleirårsskott – Skott som er meir enn to år gamle.

flik/flika – Som er delt meir eller mindre (ca. 1/5–4/5) inn mot midten, anten fjørflika eller handflika (om blad). 

flogsand – Sand som blåser med vinden, på aktive sanddyner.

flyteblad – Blad som flyt på vassflata (hos vassplantar). Omgrepet blir mest brukt for plantar som har morfologisk svært ulike flyteblad og undervassblad (til dømes vassoleier Ranunculus subgen. Batrachium).

flytjord – I fjellet og i Arktis. I skrånande lende der jorda blir vassfylt under smeltinga om våren og kan sige noko nedover bakken, ofte som store, vegetasjonsdekte tunger.

fnokk – Pappus (sjå denne) på frukter, omdanna til eit sveveapparat, med hårstrålar eller fjørstrålar. 

fnokkskaft – Eit skaft mellom sjølve frukta og fnokken på frukter hos korgplantar Asteraceae. 

fnokkstråle – Einskild stråle (fjørstråle eller hårstråle) i ein fnokkforma pappus. 

forblad – To tydingar. (1) Blad på sjølve blomeskaftet. Om dei har forblad, så har tofrøbladingane oftast to sidestilte på kvart skaft, medan einfrøbladingane har eitt på ryggsida av skaftet (den sida som vender inn mot stengelen). (2) Det inste bladet i blomeeininga hos gras blir òg kalla forblad (palea) og er kanskje homologt med forblad elles.

fordyne – Ei låg, ytre sanddyne utanfor større dyner, oftast sterkt forstyrra av vind.

form (forma) – Systematisk, låg kategori under art, oftast kjenneteikna ved berre eitt karaktertrekk av låg systematisk verdi (til dømes brukt for albinoar innanfor plantar som normalt har farga blomar, eller for plantar med særleg flika blad). I det vitskaplege namneverket blir former namngjevne ved at ein legg kortinga «f.» (forma) og eit særskilt epitet til artsnamnet. Former er lite vektlagde i denne boka.

formrik – Som har stor variasjon (har ikkje noko å gjere med kategorien «form», sjå ovanfor). Sjå òg omgrepet «heterogen», som her i boka har ei heilt anna tyding enn «formrik».

forsommarrase – Rase hos plantar med sesongrasar, i bakkesøteslekta Gentianella og i fleire slekter i snylterotfamilien Orobanchaceae. Forsommarrasen spirer oftast på hausten (vinterannuell) og kjem i bløming tidleg på sommaren. Han er oftast knytt til kulturlandskapet og blømer (og set oftast frukt) før slåtten. Sjå òg seinsommarrase.

forstrand – Open strand utanfor ei havstrandeng, sanddyner eller anna open havstrand, blir regelmessig overfløymd av sjøvatn eller forstyrra av bølgjeslag og storflo, utan eller berre med spreidde plantar.

forvilla – Som er spreidd ut frå stader der planten er dyrka. Ein forvilla plante skal, i alle fall potensielt, kunne formeire seg (sjå òg «attståande»).

fossil – Restar av plantar (og dyr) som er bevarte frå tidlegare tider i sediment eller i berg.

friblada blomedekke (choripetali) – Blomeblad som er frie frå kvarandre heilt til grunnen og fell av eitt for eitt. 

frukt (fructus) – Hylse kring frøa hos dekkfrøingane, danna av eitt eller fleire frie eller samanvaksne fruktblad. Frukttypar.

fruktbeger – Beger samanvakse kring frukta hos plantar med omkring‑ eller oversitjande blomedekke, til dømes i marikåpeslekta Alchemilla.

fruktblad (carpellum) – Holege blad i blomen hos dekkfrøingar, lukka, med eitt eller fleire frøemne. Fruktblada er frie eller samanvaksne til ein fruktknute. 

fruktdekkblad – Indre blomeblad som veks ut til eit stivt dekke kring frukta, særleg i syre/høymole-slekta Rumex og rabarbraslekta Rheum.

fruktgøyme (utriculusperigynium) – Ei hylse, truleg danna av eit forblad, som dekkjer frukta (nøtta) i storrslekta Carex. Òg kalla eit perigynium (særleg i engelsk litteratur).

fruktknute (ovarium) – Knute samanvaksen av to eller fleire fruktblad. 

fruktstand (infrutescens) – Blomestand i fruktstadiet.

frø (semina) – Spreiingseining hos frøplantar, oftast danna etter fertilisering, men stundom utan (sjå agamospermi).

frøblad, kimblad (cotyledon) – Dei første blada som kjem når frøet spirer. Hos tofrøbladingane er det oftast to frøblad som anten blir sitjande att inne i frøet som opplagsnæring, til dømes hos ert Lathyrus oleraceus, eller som kjem ut som dei to første grøne blada, dette er det vanlege. Einfrøbladingane har oftast berre eitt frøblad, og det kjem ofte ikkje opp av jorda. 

frøemne (ovula) – Formeiringsorgan inne i fruktknuten hos frøplantar, inneheld den haploide embryosekken. Etter fertilisering blir frøemnet til eit frø.

frøforvilla – Forvilla ved frøspreiing frå dyrka plantar. Ein frøforvilla plante er bufast eller har potensial til å bli det.

frøkappe (arillus) – Ei saftfull eller farga kappe kring eit frø, sikrar oftast dyrespreiing.

frøplante – To tydingar. (1) Ein plante som formeirar seg med frø, i motsetnad til sporeplantar. (2) Ein plante som nyleg har spirt opp frå frø.

frøsteril – Ein plante som ikkje utviklar mogne frø (men som stundom kan ha fungerande pollen).

frøstol – Ei søyle midt i ein einromma fruktknute, til dømes i nellikfamilien Caryophyllaceae og i nøkleblomslekta Primula. Stundom er frøstolen ein midtstilt rest av radiære skiljeveggar, stundom ein tapp opp frå botnen av fruktknuten.

frøull – Hår på frø (eller frukt), sikrar vindspreiing, til dømes i mjølkeslekta Epilobium og myrullslekta Eriophorum.

fuglefjell – Ein veksestad der det hekkar mykje sjøfugl. Svært næringsrike stader på grunn av fuglemøkk.

fuglespreiing (ornithochori) – Spreiing av frø og frukter med fugl, anten innvendes eller utvendes. Om lag alle plantar hos oss med saftige frukter er potensielt fuglespreidde, men frukter og frø kan òg henge fast på føtene eller i fjørdrakta, bli sanka (nøtter) eller inntekne av fugl som «småstein» i kråsen (til dømes frukter av storrslekta Carex og frø av timianslekta Thymus).

furete – Som har grunne groper langsetter stengel, bladskaft, blomeskaft eller frø.

fylogenetisk/fylogeni – Ein klassifikasjon bygd på evolusjonære kriterium.

fåcella hår – Hår med nokre få (oftast to–fire) celler i rekkje.

G

gaffelgreina (dichotom) – Som deler seg i to jamstore eller om lag jamstore greiner.

gaffelhår – Gaffeldelte hår. Hår som deler seg i to greiner. 

gaffelkvast (dichasium) – Blomestand. Kvast med regelmessig motsette blad og greiner. 

gametofytt – Den haploide generasjonen hos karplantane. Hos karsporeplantane er gametofytten kalla prothallium. Han er stundom synleg og grøn og ofte thallusforma (hos sneller og storparten av bregnar), stundom kvit og underjordisk (saprofyttisk, til dømes hos marinøkkelslekta Botrychium) og hos nokre berre utvikla innanfor sporeveggen (til dømes hos dvergjamne Selaginella og trådbregne Calamistrum). Hos blomeplantane utviklar gametofytten seg inne i frøet (hogametofytten) og i pollenkornet (hanngametofytten).

generasjonsskifte – Planten vekslar mellom ein haploid generasjon (gametofytten, produserer kjønnsceller) og ein diploid generasjon (sporofytten, produserer sporar eller frø). Dette gjeld alle karplantar.

generativ – Som blømer og set frø eller sporar (brukt om skott eller plante). Det motsette er vegetativ.

genom – To tydingar. (1) Heile gensettet hos ein plante. (2) Einskilde kromosomsett; ein polyploid plante kan ha kromosomsett (genom) frå to eller fleire foreldreartar, sjå til dømes omtalen av ulike artar i rogn/asal-gruppa av slekter i Rosaceae.

graminid – Samlenamn for gras og andre einfrøblada plantar som liknar gras, med linjeforma blad og små, vindpollinerte blomar (storr-, siv- og grasfamiliane: Cyperaceae, Juncaceae og Poaceae, og nokre småfamiliar).

grassnøleie – Eit nokså tidleg utsmelta snøleie dominert av graminidar. Sjå òg snøleie.

greintorn – Vedtorn der tornen er bygd opp av både bork og vedvev, til dømes i hagtornslekta Crataegus og hos slåpetorn Prunus spinosa.

griffel (stylus) – Den øvre, ofte smale delen mellom fruktknuten og arret. 

griffeldel – Skulpa hos krossblomar Brassicaceae har to delar, ein øvre griffeldel (oftast utan frø) og ein nedre veggdel (oftast med frø).

griffelfot (stylopodium) – Ein oppsvollen nedre del av ein griffel, ofte tydeleg skild frå sjølve fruktknuten. Særleg hos skjermplantane Apiaceae og i sumpsivaksslekta Eleocharis.

griffelopning – Hos roseslekta Rosa, opninga i nypa som bunten av griflar stikk ut gjennom.

grunnblad – Blad ved grunnen av stengelen eller blomestands- eller blomeskaftet.

gyldig publisert – Som er publisert i samsvar med reglane for botanisk nomenklatur i koden (ICN), brukt om eit vitskapleg namn.

gytje – Laust og mudrete organisk materiale på botnen i sjøar og myrtjørner og på lausbotn.

H

hageutkast – Jord og planterestar som er kasta ut frå hagar. Ei lang rekkje framande plantar kjem ut frå hagar og byrjar å spreie seg frå slikt hageutkast, som følgje av ulovleg framferd hos hageeigarar.

halvbusk – Dei nedre delane er forveda, dei øvre grøne og visnar bort om vinteren, til dømes bergveronika Veronica fruticans og solrose Helianthemum nummularium.

halvparasitt – Ein plante som har klorofyll og assimilerer, men som snyltar på andre plantar (eller på sopp) som attåtnæring. Dette gjeld mellom anna fleire viktige slekter i snylterotfamilien Orobanchaceae. Sjå òg parasitt.

halvrosett – Blad samla nær grunnen, men ikkje i tett rosett. Omgrepet blir oftast brukt for plantar med motsette blad, til dømes i søterotfamilien Gentianaceae.

halvskjerm – Blomestand. Som klase, men dei nedre blomeskafta er mykje lengre enn dei øvre slik at blomane sit på om lag same høgda, som i ein skjerm. 

hams (cupula) – Ei hylse kring nøtta hos nokre rakletre (eikeslekta Quercus, bøkeslekta Fagus, edelkastanjeslekta Castanea, hasselslekta Corylus og agnbøkslekta Carpinus).

handdelt – Som har flikar om lag til grunnen (om handnerva blad). 

handflika – Som har flikar som ikkje går heilt ned mot grunnen (om handnerva blad). 

handnerva – Som har tre eller fleire jamstore nervar frå grunnen (om bladnervatur). 

hannblome – Blome med berre hannlege reproduktive organ (pollenberarar), eller der berre desse fungerer.

haploid – Som har berre eitt kromosomsett (om celler, vev eller plantar). Hos frøplantane finst haploide celler berre i frøemne og pollenknappar, hos karsporeplantane er også gametofytten (prothalliet) haploid.

harpikskanal – Kanal i blad og ved hos bartrea, med harpiks (kvae). I nålene er desse synlege (med lupe) om ein kuttar nålene på tvers.

harpiksvorte – Vorte på tynne greiner hos nokre lauvtre, sjå til dømes i bjørkeslekta Betula.

hefterot – Luftrot som heftar planten til berg eller trestammar (eller husveggar), til dømes i bergfletteslekta Hedera.

hefteskive – Skive eller sugekopp i enden av greiner på klengjetrådar, til dømes i villvinslekta Parthenocissus.

heil – Som er utan tenner eller flikar i kanten (om blad). 

heimleg – Som er komen inn i landet utan hjelp av menneske eller komen inn så tidleg at ein i dag ikkje kan seie korleis.

heksaploid, hexaploid – Som har seks kromosomsett.

heterogen – Som har ulik genetisk bakgrunn, til dømes med ulike opphav. Sjå òg omgrepet «formrik», som har ei anna meining enn «heterogen» her i boka.

heterostyl – Som har to eller fleire ulike blometypar, på kvar sine plantar, der griffel og pollentråd (eller festet til pollenberarane) står på ulik høgd i blomen. Sikrar krysspollinering. Sjå òg homostyl og dimorf og trimorf heterostyli.

hinnekant – Ein hinnetynn og bleik eller gjennomskinleg (hyalin) eller annleis farga kant på blad eller andre organ.

hjarteforma – Som har form som eit hjarte (om bladform og bladgrunn eller om andre organ). For blad bruker vi (og storparten av andre florabøker) omgrepet nokså ulogisk og heller i tydinga omvendt hjarteforma (breiast nedst og med inngroping ved grunnen). For til dømes frukt og kronblad bruker vi omgrepet i korrekt tyding (breiast øvst og med inngroping i toppen), som i kronblada hos mureartar Potentilla og frukta hos gjetartaske Capsella bursa-pastoris.

hjelpefrukt – Frukt der blomebotnen eller andre plantedelar er med på å forme frukta, til dømes i mange slekter i rosefamilien Rosaceae.

hoblome – Blome med berre holege reproduktive organ (fruktblad), eller der berre desse fungerer.

homogen – Som har eins genetisk opphav. Omgrepet er ikkje synonymt med «einsforma», sjå ovanfor.

homostyl – Som har berre like blomar når det gjeld plassering av griffel og pollenberarar. Sjå òg heterostyl. Omgrepet blir her i boka berre brukt der det er både homostyle og heterostyle plantar i same slekta (kollslekta Armeria og nøkleblomslekta Primula). Homostyle blomar er normalen.

honningblad – Omdanna pollenberarar, særleg i soleiefamilien Ranunculaceae, der dei ytre pollenberarane er forma som kronblad, men med ei nektargrop ved grunnen.

honningkjertel (nectarium) – Ein kjertel som skil ut nektar.

honningmerke – Farga flekk eller merke i blomen som leier insekt fram til nektaren.

honningspore – Sjå nektarspore.

hovud (capitulum) – Blomestand. Blomar tett saman og om lag sitjande frå eitt punkt. 

hovudfinne – Hos plantar med to eller fleire gonger finna blad. Hovudfinnane er finnane som går ut frå midtaksen på bladet. Sjå òg småfinne.

hovudrot, pålerot – Rotsystem der kimrota veks ut til ei ofte tjukk, kraftig rot med grannare siderøter. Tofrøbladingane har ofte hovudrot.

humid – Fuktig, mest brukt om klima og om veksestader.

humus, humusrik jord – Om jordsmonn med høgt innhald av organisk stoff.

hyalin – Hinnetynn, gjennomskinleg.

hybrid – Krysning mellom to slekter, artar eller rasar. Hybridar er ofte sterile eller nesten sterile.

hybridart – Ei eining som er oppstått ved hybridisering mellom to (eller fleire) artar, men som oppfører seg som ein art og formeirar seg, eller i alle fall spreier seg, uavhengig av foreldra. Spreiinga kan vere ved at planten blir dyrka og spreidd av menneske eller ved seksuell eller vegetativ formeiring, til dømes i mange artar i vierslekta Salix, spireaslekta Spiraea og haustastersslekta Symphyotrichum.

hybridisering – Prosessen med kryssing mellom to slekter, artar eller rasar.

hybridslekt – Ei eining som er oppstått ved hybridisering mellom artar av to ulike slekter, men som oppfører seg som ei sjølvstendig slekt. Mange kjende slekter er nok truleg opphavleg av denne typen og har oppstått ved allopolyploidisering (sjå dette) frå meir lågploide foreldreslekter, til dømes røyrkveinslekta Calamagrostis og hundekvekeslekta Elymus i grasfamilien, men òg nokre truleg nyare slekter som har tydd til aseksuell formeiring, som grupper innanfor rogn/asalgruppa  i rosefamilien.

hybridogen – Som har opphav i ei hybridisering.

hylseblad (spatha) – Eit stort støtteblad (sj. fleire) kring ein blomestand, særleg tydeleg i myrkonglefamilien Araceae.

høgpolyploid – Som har med meir enn fire kromosomsett (brukt om ein plante).

høgblad – Dei øvste blada på skottet, ofte mindre utvikla enn mellomblada. Stundom er høgblada omdanna til eit skiltapparat eller til delar av eit skiltapparat kring blomane, til dømes hos skrubbær Chamaepericlymenum suecicum og i vortemjølkslekta Euphorbia. Støtteblad for blomar og delar av blomestandar er oftast høgblad.

høgfjell – Dei øvste belta i snaufjellet, mellomalpint og høgalpint belte.

høgstaude (‑skog, ‑eng, ‑kratt) – Høgstaudar er høgvaksne urter, og høgstaudevegetasjon er dominert av storvaksne, fleirårige urter og gras, mest i næringsrike boreale og lågalpine område.

hølje – Samlenamn for dei blautaste delane av ei nedbørsmyr.

håra – Som har hår. Det motsette er snau (ikkje glatt eller slett, som går på overflatestruktur, og der det motsette er ru).

hårstråle – Hår utan sidegreiner; den eine typen av fnokkstråle i ein fnokk (pappus) på frukta hos korgplantar Asteraceae. 

I

inneragn (lemma) – Indre blad i småakset hos gras; kvar blome eller blome-eining har éi inneragn. 

innført – Som medvite er innførte som prydplante, nytteplante eller som matvare (om framande plantar).

innkomen/komen inn – Som er komen utilsikta som følgje av menneskelege aktivitetar, til dømes som følgjeplantar med jordbruk, med ballastjord, korn, soya eller tømmer (om framande plantar). Det danske uttrykket «indslæbt» er mykje meir beskrivande, men «innslept» høyrest ikkje godt ut på norsk.

insektfelleblome – Ein blome som held tilbake insekt ei tid til dei har pollinert blomen, til dømes marisko Cypripedium calceolus og pipeurt Aristolochia clematitis.

insektpollinering (entomogami) – Pollinering ved insekt (eller andre smådyr); sikrar oftast krysspollinering. Det er ei rekkje trekk ved blomar som syner tilpassing til insektpollinering, til dømes symmetri, honningmerke, farge, duft og førekomst av nektar.

intermediær – Mellomliggjande, oftast eit omgrep brukt om plantar som i morfologiske trekk står mellom to eller fleire andre.

internodium – Stengel-ledd mellom to bladfeste eller leddknutar (nodar).

intravaginal – Som kjem fram innanfor slira på støttebladet, mest hos gras (om skott). Sjå òg ekstravaginal.

introgresjon – Attendekryssing mellom ein hybrid og éin eller begge foreldra slik at genetisk materiale kan spreie seg mellom foreldra gjennom hybriden. Attendekryssing gjev ofte større fertilitet hos avkomet enn den ein finn hos den primære hybriden, og når ein finn morfologisk svært variable hybridkompleks ute i naturen, er det ofte introgresjonskompleks det gjeld, til dømes mange stader i vierslekta Salix og mellom risbjørk Betula nana og bjørk B. pubescens.

J

​jordpolygon – Frostmark på finjord, der ein finn opne jordflekkar med ein ring av vegetasjon ikring. På steinete mark finn ein oftare steinpolygon. Polygonmark tyder ofte på at det er eller har vore permafrost i jorda.

jordstengel (rhizoma) – Underjordisk stengel, skil seg frå røter ved at ein finn skjelblad eller arr etter blad (og ved eit heilt anna mønster for leidningsstrengar i eit mikroskopsnitt).

jordvassmyr – Ei myr som får noko eller mykje av vasstilføringa og næringa si frå jordvatn (sigevatn, grunnvatn). Jordvassmyrar kan vere næringsfattige eller ‑rike, men er alltid noko meir næringsrike enn nedbørsmyrar (sjå desse).

K

kalkfuruskog – Furuskog på nesten rein kalkgrunn, ofte med ei karakteristisk blanding av furu og ymse lauvtre og ‑buskar, einer, lyng, mose, lav og ei rekkje sjeldsynte urter og gras. Ein sjeldsynt og spesiell skogtype i Noreg.

kantblome – Hos korgplantane Asteraceae, nokre i kaprifolfamilien Caprifoliaceae, krossved Viburnum opulus og fleire i skjermplantefamilien Apiaceae og hos nokre hortensia-artar Hydrangea. Oftast store, radiærsymmetriske eller monosymmetriske blomar som sit i éi eller fleire rekkjer på kanten av blomestanden eller blomeleiet i ei korg. 

kantete – Som ikkje er trinn eller rund (om stengel, bladskaft, bladplate osb.).

kantlist – Ei list i kanten av fruktgøyme i storrslekta Carex.

kapsel (capsula) – Tørr frukt. Fruktblad samanvaksne, oftast med fleire frø, opnar seg. Oftast sprekk kapselen opp frå toppen. Sjå òg lokk-kapsel og pore-kapsel. 

karbunt (vas) – Leidningsstreng; nokre leidningsstrengar fører vatn opp i planten, andre fører næringsstoff omkring i planten og ned i rota.

karplante (plantae vasculares) – Plante med leidningsstrengar (kar). Karplantar omfattar sporeplantar og frøplantar.

karpofor – Eit skaft i blomen mellom blomebotnen og frukta eller fruktsamlinga. I blomen blir dette skaftet oftast kalla gynofor, og karpofor blir mest brukt når skaftet først strekkjer seg under fruktmogninga. Til dømes i humleblomslekta Geum, mursennepslekta Diplotaxis og småsmelleslekta Atocion.

karsporeplante – Plante med leidningsstrengar og som formeirar seg med sporar.

kileforma – Som smalnar mot grunnen med om lag rette sider eller om grunn med same forma (om blad).

kimblad – Dei første blada frå frøet, oftast eitt hos einfrøbladingane, to hos tofrøbladingane, og ofte fleire hos nakenfrøingane.

kimrot (radicula) – Rota som kjem ut av frøet; rota på kimplanten.

kingelvevhår – Grissent samanfiltra hår, sit som eit kingelvev på overflata, til dømes på korgdekket hos ullborre Arctium tomentosum og på undersida av blada hos lauvtistel Saussurea alpina.

kjegleforma – Som smalnar (nokså) jamt mot spissen (om eit meir eller mindre trint organ).

kjerneved – Den inste veden i ein stamme, ofte hardare og annleis farga enn den ytre veden, til dømes den gulraude veden i stammane hos oreslekta Alnus.

kjertel (glans) – Kjertlar er celler eller cellegrupper som inneheld eit sekret. Kjertlar skil seg oftast synleg ut frå vevet ikring. Dei kan liggje inne i vevet, som eit nektarium kring eller i nærleiken av pollenberarane og fruktknuten eller i botnen av ein nektarspore, som ein tapp eller ei vorte, eller som ei kule på eit skaft, og blir då kalla eit kjertelhår. 

kjertelbørste – Stive børstar med ein kjertel i spissen, i bjørnebærslekta Rubus.

kjertelhår – Hår med ein kjertel i spissen. 

kjerteltanna – Som har tenner i bladkanten, anten med kjertlar i spissen eller i gropa mellom tennene (sjå vierslekta Salix).

kjevle – Blomestand. Den samantrengde, aksforma toppen hos nokre gras, særleg i reverumpeslekta Alopecurus og timoteislekta Phleum, og i dunkjevleslekta Typha.

kjøl – To tydingar. (1) Det nedste kronbladet i ein erteblome, forma som ein båtkjøl. (2) Området kring midtnerven på blad som er meir eller mindre folda saman, til dømes hos mange gras.

klase (racemus) – Blomestand (ugreina). Blomane står på om lag jamlange skaft frå ein midtakse. 

kleistogam – Som ikkje opnar seg (blomar), og som difor alltid blir sjølvpollinert, vanleg til dømes hos nokre fiolar Viola. Det motsette omgrepet (for blomar som opnar seg) er chasmogam, men det blir lite brukt av di det er regelen.

klengjeplante – Plante som kliv opp i andre plantar eller på andre saker. Planten kan klatre med klengjetrådar (til dømes i vikkeslekta Vicia), bladskaft, blad eller stengel (til dømes humle Humulus lupulus og vivendel Lonicera periclymenum).

klengjetråd – Del av stengel eller blad som er omdanna til eit trådforma, ugreina eller greina klengjeorgan.

klokkeforma – Som er forma som ei klokke (om blomeform). 

klorofyll – Eit stoff som er naudsynt for fotosyntesen, og som gjev den grøne fargen på plantar.

klubbeforma – Som er breiast i toppen, og som smalnar (nokså) jamt mot grunnen (om eit meir eller mindre trint organ).

knippe (rhipidium) – Blomestand der blomane kjem på oftast ulikt lange skaft frå om lag same punkt. 

knipperot, trevlerot – Rotsystem av mange jamtjukke røter, ofte oppstått som siderøter når ei hovudrot døyr tidleg i utviklinga. Einfrøbladingane har stort sett knipperot, medan tofrøbladingane mykje oftare har pålerot.

knoll (tuber) – Oppsvollen del av stengel (stengelknoll) eller rot (rotknoll); lagringsvev hos fleirårige og særleg hos toårige plantar.

knopp – To tydingar. (1) Sterkt forkorta kvileskott (generativt eller vegetativt), oftast dekt av reduserte blad kalla knoppskjel. Knoppar finn ein på greiner og stenglar, oftast i bladhjørne, sjå figur 2, på jordstenglar, og ofte òg på røter. (2) Blomeknopp.

knoppskjel – Reduserte blad (lågblad) som skjermar ein knopp. Hos storparten av vedplantane har knoppen fleire knoppskjel, i vierslekta Salix berre eitt, og hos nokre (til dømes trollhegg Frangula alnus) ingen.

knoppskyting – Vegetativ formeiringsmåte der heile planten deler seg, i Noreg hovudsakleg hos andematslektene Lemna og Spirodela.

kolbe (spadix) – Blomestand. Som eit aks, men med ein oppsvollen midtakse som blomane sit på til dømes i myrkonglefamilien Araceae.

kongle (strobilus) – Blomestanden hos nakenfrøingar, oftast brukt om hokongla som mogen med forveda (eller sj. saftfulle) dekkskjel og med kongleskjel som ber eitt eller fleire frø på oversida. Det latinske omgrepet «strobilus» er òg blitt overført til sporangiesamlinga hos kråkefot‑ og snelleplantar.

kongleskjel – Sjå kongle.

konkav – Som er noko innhol (om ei flate, til dømes på blad, stengelside, nøtt eller fruktgøyme). Sjå òg konveks.

konnektiv – Det sterile vevet mellom dei to pollenknappromma.

kontinental – Som har eit kontinentalt klima med nokså lite nedbør og med stor skilnad i temperatur mellom sommar og vinter (knytt til innlandsområde).

konveks – Som bolnar utover (om ei flate, til dømes på blad, stengelside, nøtt eller fruktgøyme). Sjå òg konkav.

konvergerande – Som går saman (oftast om nervar i blad). Sjå òg divergerande.

kopla – Som er festa på same staden (om samansette blad, handnerva med to eller fleire småblad). 

korg (calathium) – Tett blomestand av sitjande blomar på eit flatt, halvkuleforma eller kjegleforma blomeleie, omgjeve av eit korgdekke av høgblad. 

korgdekke (periclinium), korgdekkblad – Dekke av høgblad kring ei korg og som verkar som eit beger. 

korgleie – Sjå blomeleie.

korkpore (lenticella) – Ei pore i epidermis der det stikk fram ei vorte av korkvev. Særleg tydeleg på kvistane hos bjørkeartar Betula og på fruktene hos nokre asalartar i rosefamilien Rosaceae.

korn (caryopsis) – Frukta hos gras.

kortskott – Skott med svært korte ledd og tettstilte blad. Årsskotta hos furu og lerk, med enkeltståande nåler, er til dømes langskott, men dei karakteristiske nålbuntane som kjem på skotta frå andre året, sit på kortskott.

kortskulpe (silicula) – Skulpe som er opptil tre gonger så lang som brei, hos krossblomar Brassicaceae.

kosmopolitt, kosmopolitisk – Som finst over heile eller nesten heile jorda.

krage – I ein blome oftast brukt om ei meir eller mindre samanvaksen krone der ein skil mellom det samanvaksne røyret og den oftast flate kragen med kronflikar, til dømes hos mange i rubladfamilien Boraginaceae og hos nøkleblom Primula.

krans – Tre eller fleire organ festa i ein ring på same nivået, til dømes på ein stengel eller i ein blome.

kransstilt – Som er festa på same høgda på stengelen (om bladstillinga til tre eller fleire blad). 

krigsspreidd (polemochor) – Som er komen inn med krigsaktivitet, i Noreg nesten alltid innkomen under den andre verdskrigen med tyske eller i A-Finnmark ofte med russiske troppar, svært ofte med høy brukt som hestefôr.

krokhår – Krokforma bøygde hår.

kromosomdobling – Dobling av kromosomtalet i ein plante eller i ein del av ein plante, oftast ved at det ikkje skjer noka reduksjonsdeling når kjønnscellene blir danna.

kromosomtal – Talet på kromosom i cellene. Celler i vanleg (somatisk) vev har to sett kromosom (talet då gjeve som «2n»), kjønnsceller og celler i gametofytten har eitt sett (talet då gjeve som «n»).

kromosomtalsrase – Einingar innanfor same arten med ulike kromosomtal. Dersom desse òg er morfologisk noko ulike, og om dei har noko ulik utbreiing og/eller økologi, blir dei oftast rekna som underartar, avhengig av kor mykje eller lite dei går over i kvarandre.

krone (corolla), kronblad (petal) – Indre krans(ar) i eit blomedekke med to eller fleire kransar av ulikt forma og/eller farga blad. Krona er ofte farga og har skiltfunksjon, men hos vind- og vasspollinerte plantar er ho ofte redusert.

kronflik – Den frie delen av eit kronblad i ei samanvaksen krone.

kronkrage – Sjå krage.

kronrøyr – Den røyrforma, nedre delen av ei samanvaksen krone. 

kronsvelg – Opninga på røyret i ei samanvaksen krone. Stundom sit det diagnostisk viktige hår eller skjel i kronsvelget, til dømes i fleire slekter i rubladfamilien Boraginaceae.

krukkeforma – Som er forma som ei krukke (om blomeform). 

krusete – Som er tett bøygd opp og ned (om bladkant). Sjå òg «bukta».

krushåra – Som har korte eller lange, oftast krølla hår.

krysspollinering (allogami) – Overføring av pollen mellom ulike plantar.

kulehår, kuleforma hår – Sjå mjølhår.

kultivar – Ein kulturrase, oftast utvikla ved kunstig kryssing og seleksjon. Markert med enkle hermeteikn (til dømes Spiraea cinerea ‘Grefsheim’ og Salix euxina ‘Bullata’) og utan autor. Kultivarar har ikkje formell rang i det systematiske hierarkiet.

kulturmark – Allslags mark som er i regelmessig hevd.

kulturplante – Ein plante som er utvikla, eller som har utvikla seg, som ein del av jordbruket eller hagebruket.

kumarin – Eit kjemisk stoff som finst hos nokre maureartar Galium, steinkløverartar Melilotus og hos fleire slekter av gras, til dømes gulaks Anthoxanthum, marigras Hierochloë og myskegras Milium, og som har ei karakteristisk, søtleg «gras»-lukt.

kunsteng – Eng som regelmessig blir pløgd og tilsådd.

kvasskanta – Kantete, med konkave flater mellom kantane.

kvasstanna – Som har spisse bladtenner (om bladkant). 

kvast (cyma) – Samansett blomestand der sideskotta ved kvar forgreining dominerer over hovudskottet. Dei einskilde blomane er (oftast) skafta.

kyststrøk – Norsk utbreiing. Fellesnemning for fjordstrøk og ytterkysten.

L

langskott – Skott med lange ledd og spreiddstilte blad. Ofte skil langskott og blad på langskott seg mykje frå kortskott. Årsskotta hos furu og lerk, med enkeltståande nåler, er til dømes langskott, men dei karakteristiske nålbuntane som kjem på skotta frå andre året, sit på kortskott.

langskulpe (siliqua) – Skulpe som er meir enn tre gonger så lang som brei, hos krossblomar Brassicaceae.

lansettforma – Som er to til fleire gonger lengre enn breitt, breiast kring eller nedanfor midten, med bogne sider (om bladform). 

lauk – Sterkt forkorta, ofte grunnstilt skott med tjukke blad. Overvintrings‑ og lagringsorgan.

laukknopp – Her brukt om yngleknoppar i skjermen i laukslekta Allium.

lausbotn – Den nedste sona i ein tuve–lausbotn-gradient i myrar der grunnvatnet oftast står i overflata. Oftast berre med spreidde plantar på svart mudder.

leddhår, ledd-delt hår – Hår av fleire celler i rekkje, det same som fleircella hår. 

leddknute – Oppsvolle bladfeste, særleg tydeleg hos gras der leddknuten er kompakt, medan strået elles er innholt.

leddskolm – Skolm som ikkje opnar seg, men som brotnar opp i to eller fleire ledd, kvart oftast med eitt frø.

leddskulpe (lomentum) – Skulpe som ikkje opnar seg, men som brotnar opp i to eller fleire ledd, kvart oftast med eitt frø.

leidningsstreng – Same som karbunt, ein streng av leidningsvev i rot, stengel og blad og som utgjer nervenettet i blad.

lemma – Sjå inneragn, hos gras. 

leppe – Oftast eit breitt og flatt kronblad eller ein kronflik i ei monosymmetrisk krone, anten som ei overleppe som skjermar pollenberarar og arr, eller som ei underleppe som er landingsplass for pollinerande insekt. 

leppeforma – Som er forma som ei leppe (om blomeform, ein monosymmetrisk blome der krona er delt i ei underleppe og ofte òg ei overleppe). 

leside – Ei sone i fjellet mellom rabb og snøleie, særleg utvikla i lågalpint belte. Lesidene har god vinterskjerming med snø, men smeltar fram tidlegare enn snøleia. Dei har difor oftast dei beste veksttilhøva i fjellet.

ligulat korg – Ei korg der alle kronene er tungeforma (til dømes i løvetannslekta Taraxacum og sveve- og hårsveveslektene Hieracium og Pilosella).

likefinna – Som har finna blad med eit partal sidefinnar (2, 4, 6 eller fleire), utan endefinne, men stundom med ein brodd eller klengjetråd i enden). 

linjeforma – Som er smal og jamsmal (om bladform). 

linjenerva – Som har parallelle nervar (om bladnervatur). 

linseforma – Som har to kantar og to konvekse flater mellom kantane (brukt om frø eller frukter).

lodiculae – Små, tjukke skjel rett utanfor pollenberarane i ein grasblome (floret). Desse skjela svell opp og opnar blomen og småakset under bløminga.

lokk-kapsel (pyxis) – Kapsel som opnar seg med eit lokk som fell av, ofte skilt frå resten av kapselen av ein tydeleg løysingsring, til dømes hos mange amarantartar Amaranthus, nonsblom Lysimachia arvensis og i kjempeslekta Plantago

luftkanal – Opne kanalar i stengel og blad hos mange vass‑ og sumpplantar, bringar luft ned i vevet, til dømes til dei delane av stenglane og blada som ligg under vatnet hos vass- og sumpplantar.

løysingsring – Sjå lokk-kapsel.

lågblad – Dei nedste blada på skottet, ofte mindre utvikla enn blada midt på skottet (mellomblada). Knoppskjel blir òg rekna som lågblad.

lågploid – Som har to til fire kromosomsett (diploid, triploid eller tetraploid plante).

lågurtskog – Næringsrik skog med dominans i feltsjiktet av lågvaksne urter, til dømes kvitsymre Anemone nemorosa, liljekonvall Convallaria majalis, markjordbær Fragaria vesca og fingerstarr Carex digitata.

M

magnesium – Lettmetall som det er mykje av i ultramafiske bergartar (serpentin, olivin). Magnesium blir lett teken opp i staden for kalsium og er difor giftig for storparten av plantar.

Makaronesia – Samlenamn for Azorane, Madeira, Kanariøyane og Kapp Verde-øyane.

makrosporangium – Inneheld sporar (makrosporar) som veks opp til holege gametofyttar.

makrospore – Hosporar hos karsporeplantar med ulike sporar.

makrosporofyll – Sjå sporofyll.

malpighiske hår – Hår som er festa på midten, med to eller fleire greiner der greinene er tiltrykte til overflata.

marmor – Hard kalksteinsbergart.

matte – Vekstform der planten har lange jordstenglar eller overjordsrenningar og ofte veks i vide, stundom grisne bestandar.

matvare – Her i boka brukt om plantar som berre er innførte som matvarer (til dømes kiwi, sitrusfrukter, daddel, melon, chia og quinoa) og oftast berre funne i naturen som frøplantar eller ungplantar på deponi for organisk avfall.

maurspreiing (myrmechochori) – Spreiing av frø eller frukter med maur. Maurspreidde plantar har blanke, harde frø eller frø med eit næringsrikt vedheng, elaiosom (ofte begge delar), og stenglane blir oftast slakke og legg fruktene ned på bakken under frømogninga.

medial harpikskanal – Harpikskanal som ligg inn mot midten av nålene (hos bartre). Sjå òg epidermal harpikskanal. Mediale harpikskanalar har større tverrsnitt enn epidermale.

mellomblad – Dei mest utvikla blada, ofte kring midten av skottet. 

mellomform – Nøytralt systematisk omgrep (ikkje rang) for einingar som morfologisk står mellom andre einingar.

middelhavsområdet – Området kring Middelhavet i Sør-Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia.

Midt-Noreg – Samlenamn for Nordmøre, Trøndelag og Sør-Helgeland.

midtnerve – Den midtre, oftast kraftigaste og mest synlege nerven i eit blad (òg i fruktblad og begerblad).

mikrosporangium – Inneheld sporar (mikrosporar) som veks opp til hannlege gametofyttar.

mikrospore – Hannsporar hos karsporeplantar med ulike sporar.

mikrosporofyll – Sjå sporofyll.

mjukhåra – Som har mjuke, oftast nokså lange hår.

mjukmatte – Den nest nedste sona i ein tuve–lausbotn-gradient i myrar; ei samanhengande vegetasjonsmatte, men der ein søkk ned og set varige spor. Grunnvatnet står ofte, men ikkje jamt, opp i overflata.

mjølhår – Hår forma som ei kule eller blære, ofte mjølfine særleg tydeleg hos fleire meldeslekter i amarantfamilien Amaranthaceae.

mjølkesaft – Sjå saft.

modifikasjon, modifikativ – Plante som er modifisert av miljøet han veks i (oftast ikkje genetisk endra). Òg brukt om trekk som kjem av slik påverknad.

mold, moldjord – Jordsmonn med god blanding av mineraljord og humus, ofte næringsrik og med ein laus struktur. Typisk for rike skog- og engtypar.

monofyletisk – Som har sams opphav, og der alle avleiingar frå dette opphavet er samla i gruppa. Sjå òg parafyletisk og polyfyletisk.

monomorf – Om blomar; planten eller arten har berre éin type blomar. Sjå dimorf og heterostyli.

monosymmetrisk (zygomorf) blome – Blome som har berre eitt symmetriplan. 

motsett – Som er festa på same høgda på stengelen (om bladstilling av to blad). 

mutasjon – Ei tilfeldig (og oftast lågfrekvent) genetisk endring.

myr – Vegetasjon på permanent fuktig mark der organisk materiale hopar seg opp i form av torv, karakterisert av særskilde myrplantar.

myrkant, myrvidde – Artsutvalet i kanten av ei myr, der vegetasjonen har kontakt med sigevatn frå områda kring myra, er oftast ulik vegetasjonen ute på vidda, som ikkje har slik kontakt.

myrskog – Skog på torvmark, ofte med myrplantar i feltsjiktet.

mølle – Her brukt i vid tyding om plassar der korn og i seinare tid andre stivelsesprodukt og soya blir innført og behandla. Kornmøller og ‑siloar der det har kome inn mykje framande plantar, har ein hatt mange stader, i alle fall nord til Trøndelag (ST Skaun og Trondheim), medan soya særleg har blitt innført og behandla i Øf Fredrikstad, Vf Larvik og Ro Eigersund.

N

​naturalisert – Som er framand, men formeirar og spreier seg og er etablert i naturleg vegetasjon.

nebb – Ein smal, avsett spiss, til dømes den smale toppen på fruktgøyme i storrslekta Carex og på skulper hos mange artar av krossblomar Brassicaceae.

nedbørsmyr – Ei myr som får heile eller mest heile vasstilføringa og næringa frå nedbør. Svært næringsfattige myrar.

nedliggjande – Som ligg ned mot bakken, men ikkje tiltrykt.

nektar – Væske, søt og oftast næringsrik, fungerer som næring for dyr som pollinerer planten, hos oss nesten berre insekt. Nektar blir oftast danna i eller nær blomen.

nektardiskus – Eit oftast ringforma eller plateforma organ inne i blomen, skil ut nektar.

nektargrop – Ei grop ved grunnen av blomeblada (truleg omdanna pollenberarar) hos soleie Ranunculus.

nektarium – Kjertelvev som skil ut nektar, anten i eller utanfor blomen. Tilpassing til dyrepollinering (særleg insekt).

nektarspore – Ein spore frå beger eller krone, samlar opp nektar.

nerve – Leidningsstreng i bladorgan.

nettnervar – Nervar som formar eit nettverk i bladet. 

node – Sjå leddknute.

Nord-Noreg – Samlenamn for dei tre nordnorske fylka: Nordland, Troms og Finnmark.

nordaustleg – Som er utbreidd i nordaustlege strøk i Noreg med eit kontinentalt og nokså sommarkaldt klima, om plantar som har si utbreiing i indre delar av Nord-Noreg, inst i Trøndelag og lengst nord på Austlandet.

Norden – Samlenamn for Noreg, Sverige, Finland, Danmark, Færøyane og Island. Norden er ikkje det same som Skandinavia eller Fennoskandia, og det er òg noko uvisst om dei norske arktiske øyane skal høyre hit.

nordleg – Som er utbreidd i dei nordlege delane av Noreg, om plantar som oftast veks sør til Nordland eller til Midt-Noreg, men som ikkje er knytta berre til fjellet.

nordleg unisentrisk – Som hos oss berre veks i det nordfennoskandiske fjellområdet (brukt om fjellplantar).

nordvestleg – Som er utbreidde frå Nord-Vestlandet til Nordland, ofte med ei tilknyting over Nordsjøen og Norskehavet til Dei britiske øyane og/eller Island.

nype – Frukt i roseslekta Rosa der blomebotnen svell opp til ei saftig frukt med tørre smånøtter inni.

nyreforma – Avrunda, men breiare enn lang og med brei bukt ved grunnen (om bladform). 

næringsfattig, næringsrik – Som er fattig eller rik på nitrogen og fosfor (brukt om jordbotn).

nøste – Blomestand. Tett, ofte uregelmessig samling av blomar. Eit nokså upresist omgrep.

nøtt (nux) – Tørr frukt av eitt eller fleire fruktblad, opnar seg ikkje før ho spirer, og oftast med berre eitt frø. 

nøttskulpe – Skulpe med eitt frø, opnar seg oftast ikkje; hos krossblomar Brassicaceae.

nålfeste – To tydingar. (1) Festepunktet for ei barnål, kan vere flatt eller heva. (2) Feste hos ein nåltorn, ofte noko ulikt resten av tornen. I tyding (2) er omgrepet berre brukt i roseslekta Rosa og bjørnebærslekta Rubus.

nålforma – Liten, smalt jamtjukk og oftast spiss (om bladform). 

nåltorn – Nålforma, grann torn.

O

ochrea – Samanvaksne øyreblad som ei lukka slire som stengelen må vekse gjennom, eit særomgrep hos slireknefamilien Polygonaceae.

oktoploid – Som har åtte kromosomsett (brukt om plante).

olivin – Ein ultramafisk bergart med høgt innhald av magnesium.

omkringsitjande (perigynt) blomedekke – Blomebotnen skål‑ eller krukkeforma. Blomeblad og oftast òg pollenberarar sit på kanten av skåla eller krukka kring fruktblada. 

omvendt eggforma – Som er 1,5 til 2 gonger lengre enn breitt, breiast ovanfor midten (om blad). 

omvendt kileforma – Som smalnar mot toppen med om lag rette sider, eller bladspiss av same forma (om blad).

omvendt kjegleforma – Som smalnar (nokså) jamt mot grunnen (om eit meir eller mindre trint organ).

omvendt lansettforma – Som er to eller fleire gonger lengre enn breitt, breiast ovanfor midten, med bogne sider (om bladform). 

omvendt pyramideforma – Som har tre- eller firkanta omriss og om lag rette sider, breiast mot toppen (om trint eller breitt, flatt organ).

oppfrysningsmark – Frostmark der det blir opne jordflekkar, med ustabile forhold, men med mindre konkurranse enn i den tettare vegetasjonen ikring. Oftast med permafrost i grunnen.

opprett – Som står (nokså) rett opp frå grunnen.

oppstigande – Som er oppbøygd frå ein nedliggjande grunn.

oseanisk – Som er knytt til kystområde med eit oseanisk klima, med mykje eller hyppig nedbør og med nokså liten skilnad i temperatur mellom sommar og vinter.

Oslofeltet – Eit berggrunnsområde på Austlandet med kalkgrunn frå kambrium–silur og vulkanske bergartar frå perm. Området strekkjer seg, med fleire avbrekk, frå Skiensfjorden og Moss nord til Hadeland og norddelen av Mjøsa.

overjordsrenning – Forlengd, krypande stengel oppå jorda, med lange ledd og ofte reduserte blad, rotfestar seg oftast i leddknutar og/eller bladfeste. Plantar med overjordsrenningar formar ofte store matter.

overleppe – Den øvre delen av krona (eller stundom) begeret hos monosymmetriske blomar, dersom denne delen er forma som ei leppe eller ein hjelm som skjermar pollenberarar og arr, til dømes i leppeblomfamilien Lamiaceae og hos tyrihjelmslekta Aconitum. Sjå òg underleppe.

oversilingsmark – Mark i fjellet og i Arktis nedanfor snøfonner som ligg lenge utover sommaren, blir oversilt med smeltevatn heile eller store delar av sesongen.

oversitjande (epigynt) blomedekke – Blomebotnen samanvaksen med fruktblada. Blomeblad og pollenberarar sit festa på toppen, over fruktblada. Stundom er blomebotnen samanvaksen berre halvt opp på fruktblada – halvt oversitjande. 

P

palea – Sjå forblad, hos gras. 

palsmyr – Subarktisk myrtype der det blir danna iskjernar i store tuver (palsar), opptil to til tre meter høge. Palsmyr har oftast ei veksling mellom slike palsar og djupe myrhòl der palsane har smelta ut.

papill – Liten, opptil halvkuleforma utvekst frå ei overflate, oftast danna av berre éi celle eller på celleveggen.

papilløs – Som har små, tettstilte papillar, gjer at overflate oftast verkar matt.

pappus – Omdanna beger hos korgplantane og i nokre få andre familiar. Pappus tener oftast fruktspreiinga, anten som eit sveveapparat eller som krokar eller agnorer. 

parafyletisk – Som har sams opphav, men der ikkje alle avleiingar frå dette opphavet er samla i gruppa. Eit døme er nakenfrøingar (der òg dekkfrøingar må vere med om gruppen skal bli monofyletisk). Sjå òg monofyletisk og polyfyletisk.

parasitt (snyltar) – Organisme som lever på andre plantar eller sopp, og som ofte ikkje treng noko (heilsnyltar/heilparasitt) eller berre litt klorofyll (halvsnyltar/halvparasitt).

penselforma – Som er forma som ein brei pensel, her i boka berre brukt om aks hos myrullslekta Eriophorum.

pilforma – Som har to nedvende flikar ved bladgrunnen, til dømes matsyre Rumex acetosa og pilblad Sagittaria sagittifolia (om bladform). 

plate, bladplate (lamina) – Den flate delen av eit blad som er delt på plate og skaft.

pollen, pollenkorn – Hannlege, haploide spreiingsorgan, blir oftast spreidde med vind, dyr eller vatn. Pollenkorn blir danna ved reduksjonsdeling i pollenknappane.

pollenabortering – Det at pollenkorn og oftast pollenknappar stansar i utviklinga på eit tidleg stadium, ofte av di planten har ein hybridbakgrunn.

pollenberar, pollenblad (stamen) – Hannlege blad i blomen, oftast med ein smal pollentråd og ein breiare pollenknapp der pollenet blir danna. 

pollenknapp (anther) – Ein oftast knappforma, fertil del av pollenberaren, med oftast to halvdelar (thecae), kvar med to pollenknapprom. 

pollenkorn – Sjå pollen.

pollenrom (theca) – Halvdelen av ein pollenknapp, sjå der.

pollensteril – Sjå pollenabortering. Pollensterile plantar har oftast heller ikkje full utvikling av fruktknute.

pollentråd (filament) – Ein smal, oftast trådforma nedre del av pollenberaren. 

pollinering – Overføring av pollen frå pollenberar til arr, anten på same planten (sjølvpollinering, autogami) eller på ein annan plante (framandpollinering, allogami).

pollinium – Omdanna pollenmasse hos nokre plantar med svært spesiell insektpollinering (hos oss orkidéar og i svalerotslekta Vincetoxicum). Heile pollenmassen i eit pollenknapprom er kitta saman og blir spreidd samla.

polyfyletisk – Som ikkje har sams opphav, ei meir eller mindre kunstig gruppe. Den gamle maskeblomfamilien og rogn/asal-slekta, slik ho har vore oppfatta, er to slike grupper. Sjå òg parafyletisk og monofyletisk.

polygonmark – Mark i fjellet og i Arktis der frostrørsler i jorda fører til ei sortering (strukturering) av materialet, ofte som ringar eller polygonar.

polyploid – Som har meir enn to gonger det haploide kromosomtalet i cellene, anten oppstått ved kromosomdobling innanfor ein art (autopolyploidi), ved kryssing mellom ulike artar med påfølgjande kromosomdobling (allopolyploidi), eller ved ein kombinasjon.

pomor, pomorhandel – Handelen mellom russarar (pomorar) og folk i Finnmark og Troms frå 1700-talet og fram til den russiske revolusjonen (1917).

populasjon – Ei samling plantar innanfor eit område, med potensiell genutveksling mellom alle plantane.

porekapsel – Kapsel som opnar seg med éi eller fleire porer. 

postglasial – Som har hendt (eller er oppstått) i tida etter siste istid, i Skandinavia etter Weichsel-istida, som varte fram til yngre dryas-perioden for ca. 11 700–12 700 år sidan.

primærhybrid – Ein direkte, førstegenerasjons hybrid mellom to foreldreartar. Slike primærhybridar (eller F1-hybridar) er oftast sterile, men om dei er litt fertile, kan sjølvfertilisering eller tilbakekryssing med ein av foreldra gjere at seinare generasjonar blir meir fertile.

prioritet – Forrett, brukt om vitskaplege namn: Det første namnet som er gyldig publisert for ein plante, har normalt prioritet framfor alle seinare namn og er det som skal brukast.

prothallium – Gametofytten hos karsporeplantane.

prydplante – Ein plante som blir dyrka for dekorasjonsformål.

pseudogami – Eit begrep hos plantar med ukjønna frøformeiring, der det stundom trengs pollinering for utvikling av endosperm og dermed òg embryo. Pseudogami er særleg vanleg i rosefamilien Rosaceae.

pute – Tett og lågt halvkuleforma eller puteforma (vekstform).

pyramideforma – Som har tre- eller firkanta omriss og om lag rette sider, breiast ved grunnen (om trint eller breitt, flatt organ).

pæreforma (pyriform) – Som er breiast ovanfor midten (om, korte trinne organ).

pølseforma – Som er tre til fire gonger så langt som breitt, som ei (kort) pølse (om trint organ, til dømes frukt eller saftfullt blad).

R

rabb – Den øvste, tørraste og mest snøfattige delen av ein rabb–snøleie-gradient i fjellet.

radiat korg – Ei korg som har røyrforma kroner på skiveblomar og tungeforma kroner på kantblomar (til dømes balderbråslekta Tripleurospermum og prestekrageslekta Leucanthemum).

radiærsymmetrisk (aktinomorf) blome – Blome med tre eller fleire symmetriplan. 

rakle (amentum) – Blomestand; oftast hengande og vindpollinert, samansett av reduserte, opphavleg trebloma kvastar som sit innanfor kvart sitt rakleskjel (til dømes hos hassel Corylus, bjørk Betula og or Alnus). Andre hengande, vindpollinerte aks eller tette klasar blir òg stundom feilaktig kalla raklar, sjølv om dei ikkje er samansette (til dømes i vierslekta Salix og osp-/poppelslekta Populus, der blomestandane i røynda er aks).

rakleskjel – Støtteblad og forblad som er samanvaksne på ymse vis, og som skjermar blomane og dei umogne fruktene i ein rakle.

rang – Det nivået i det systematiske hierarkiet som ei eining er plassert på; til dømes har einingane i lusegrasslekta Huperzia artsrang i denne og førre utgåva, medan dei hadde underartsrang i ei tidlegare utgåve.

rase – Nøytralt omgrep for ei genetisk karakterisert eining (ei evolusjonær linje) innanfor ein art. Ein rase kan vere ein underart eller ein varietet, men normalt ikkje ei form (former dannar oftast ikkje populasjonar og er oftast ikkje sams utvikla, evolusjonære linjer).

renneforma – Som har ei renne på oversida (oftast brukt om eit blad som då ofte er U- eller V-forma i tverrsnitt).

renning – Ein utløpar, anten over (overjordsrenning) eller under jordoverflata (underjordsrenning).

rikmyr – Ei myr med tilførsel av næringsrikt, oftast baserikt jordvatn.

rombeforma – Som er forma som ein rombe (om bladform).

rosett, rosettstilt – Bladstilling der alle eller om lag alle blada er tett samla ved grunnen. 

rotknoll – Knoll(ar) på rota, oftast på ei hovudrot, men stundom på siderøter (jf. potet Solanum tuberosum).

rotskott – Skott frå rotsystemet, til dømes hos artar og hybridar av osp/poppelslekta Populus og spireaslekta Spiraea.

ru – Ujamn, med svært korte, stive hår, taggar eller papillar (om overflate). Det motsette er slett.

rudiment – Ein rest eller eit redusert organ som ikkje lenger har sin opphavlege funksjon.

rukkete – Som har bulkar, oftast av di nervane er nedsenka i overflata, til dømes om overflata på blada hos rukkevier Salix reticulata, rukkerose Rosa rugosa og bulkemispel Cotoneaster bullatus.

rund – Som har sirkelrund omkrins (eit flatt organ eller eit trint, kuleforma organ). Ein såkalla «rund» stengel er trinn, ikkje rund.

rundflika/tanna –Som har butte til avrunda bladtenner eller flikar, oftast med tronge innskjeringar mellom dei (om bladkant). 

ruteforma – Som er forma som eit skeivt kvadrat eller rektangel (om bladform). 

røyrforma – Som er forma som eit røyr (om blomeform). 

røyrkrone – Radiærsymmetrisk krone (hos korgplantane).

S

saft, mjølkesaft (latex) – Saft i særskilde kar (røyr) i greiner og blad, renn ut når dei blir brotne av. Mjølkesaft er oftast kvit (som i løvetannslekta Taraxacum og vortemjølkslekta Euphorbia), men ein finn òg ofte vassklar og stundom gul (nokre valmuar Papaver) eller oransje saft (svaleurt Chelidonium majus).

sagtanna – Som har spisse, framoverretta bladtenner, med tronge innskjeringar mellom dei. Enkelt sagtanna eller dobbelt sagtanna (om bladkant). 

saltpanne – Ei grop i ei havstrandeng der sjøvatnet blir ståande att etter flo, tørkar ut og gjer at substratet blir svært saltrikt.

saltvatn – Havvatn med normalt høgt saltinnhald (i Noreg oftast 2–3,5 %).

samansett – Som er sett saman av to eller fleire tydeleg skilde småblad (om blad). Sjå finna og kopla. 

samblada blomedekke (sympetali, syntepali) – Blomeblad som er samanvaksne, i alle fall nedst. 

sambu (monoik) – Som har særskilde hann- og hoblomar, men som sit på same planten, til dømes hos storparten av storrartane Carex.

saprofytt – Organisme som lever på daudt, organisk materiale og ofte ikkje treng eller treng berre litt klorofyll (bladgrønt). Dei karplantane som blir kalla saprofyttar, er i røynda oftare symbiontar med saprofyttiske soppar.

sedimentflate – Område ved flaumelvar og -sjøar, stader der det regelmessig blir deponert finmateriale (silt og sand). Dette er stader med ustabile forhold og difor med liten konkurranse, og ofte med mange konkurransesvake plantar.

segl – Det øvste kronbladet i blomen hos erteblomar Fabaceae.

seinsommarrase – Rase hos plantar med sesongrasar, i bakkesøteslekta Gentianella og i fleire slekter i snylterotfamilien Orobanchaceae. Seinsommarrasen spirer oftast på våren (sommarannuell) og kjem i bløming først på seinsommaren. Han er oftast knytt til kulturlandskapet og blømer (og set frukt) etter slåtten. Sjå òg forsommarrase.

sekret – Stoff, ofte klissete, som blir skilt ut frå kjertlar.

seksjon – Kategori under slekt i det systematiske hierarkiet.

seksuell – Som har kjønna formeiring.

serpentin – Ultramafisk bergart med høgt innhald av magnesium i høve til kalsium.

sesongrase – Nokre plantar, særleg slike som er knytte til det tradisjonelle kulturlandskapet, har rasar som er tilpassa arealbruken. Nokre blømer og set frukt før eller under slåtten (forsommarrasar, sjå der), andre etter slåtten (seinsommarrasar, sjå der).

sidenerve – Nerve som går ut frå midtnerven eller hovudnerven, på organ som har fjørnervatur.

sidesmåblad – Småblada som står ut til sida på finna blad.

sigd (drepanium) – Blomestand. Ein einsidig kvast der blomane regelmessig står til ei side, i hjørnet av ryggstilte forblad, hos einfrøbladingar. 

sikksakk-kvast (cincinnus) – Blomestand. Ein einsidig kvast der blomane regelmessig står til to sider på greinene, i hjørnet av sidestilte forblad, hos tofrøbladingar. 

silkehåra – Som har korte eller lange hår som ligg jamsides, slik at dei gjev ein silkeglans.

sirkumpolar – Som er utbreidd kring heile den nordlege halvkula, i arktiske og nær arktiske område («arktisk»), både i arktiske område og i meir sørlege fjell («arktisk-alpin»), eller i nordlege område sør for Arktis («boreal» eller «temperert»).

sitjande – Som sit rett på skottet, utan skaft (om blad eller blome).

sjølvkompatibel, sjølvinkompatibel – Som kan pollinere seg sjølve (kompatibel) eller ikkje (inkompatibel). Nokre er fullt inkompatible, men mange er meir eller mindre kompatible, det vil seie at pollen frå same planten fungerer, men at framandpollen fungerer betre.

sjølvpollinering (autogami) – Overføring av pollen innanfor same planten (innanfor same blome eller mellom blomar på same planten).

sjølvspreiing – Mekanisme hos plante for å spreie frø og frukter, til dømes eksplosive frukter, som hos springfrøslekta Impatiens.

skaft – Ein oftast trinn del av eit blad (bladskaft), eller skaftet på ein blome eller blomestand. Ofte er det som vi ser som stengelen, heller eit skaft, til dømes i fjellvalmuar Papaver sect. Meconella, nøkleblom Primula mfl. og i løvetannslekta Taraxacum.

Skandinavia – Samlenamn for Noreg og Sverige.

skeiforma – Som er forma som ei skei (kort og konkav; om bladform).

skiveblome – Blomar med små, radiærsymmetriske kroner hos korgplantane, inne på midten av blomeleiet i ei korg. 

skjelforma – Som har sterkt redusert, flatt eller skålforma blad.

skjelhår – Flate, skjelforma hår (særleg hos bregnar). 

skjelsand – Sand som er danna av, eller med stort innhald av, skjel og skjelfragment. Slikt substrat har mykje karbonat og ein basisk reaksjon.

skjerm (umbella) – Blomestand (ugreina) der blomane står på om lag jamlange skaft frå same punkt. Figur 10. Blada ved grunnen av ein skjerm blir kalla sveipblad.

skjermkvast (pleiochasium) – Blomestand (greina). Kvast der greinene er fleirbloma og der dei nedre greinene er lengre enn dei øvre, slik at blomane kjem på om lag same høgde. 

skjermstråle – Dei einskilde skafta i ein skjerm. I dobbeltskjerm, som i skjermplantefamilien Apiaceae, skil ein mellom småskjermskaft (med blomar) og storskjermskaft (med småskjermar)

skjoldforma – Som er rundt eller om lag rundt i omriss og med bladskaftet festa midt under (om bladform). 

skjoldhår – Skjold- eller plateforma hår, festa på midten. 

skogsmyr – Oftast mindre myrar i skogsområde.

skolm (legumen) – Tørr frukt. Spesialtype av kapsel i erteblomfamilien Fabaceae, av berre eitt fruktblad, opnar seg oftast.  Stundom finn ein òg nøttskolm som ikkje opnar seg, og leddskolm som brotnar av ledd for ledd.

skolmkapsel (folliculus) – Tørr frukt. Fruktblad frie, kvart av dei oftast med fleire frø og opnar seg. Typisk for mange slekter i soleiefamilien Ranunculaceae og nokre i rosefamilien Rosaceae.

skrotemark, skroteplassar – Stader der den naturlege vegetasjonen er sterkt forstyrra eller øydelagd ved inngrep, til dømes tomter, fyllingar og avfallsplassar, og der framande og konkurransesvake plantar lett kan etablere seg.

skruestilt – Som sit enkeltvis oppetter skottet, oftast i ein meir eller mindre tydeleg skrue (om bladstilling). Hos einfrøbladingar står blada ofte til to eller tre sider (1/2 eller 1/3 skrue), hos tofrøbladingar ofte til fem sider (2/5 skrue).

skulpe (siliquasilicula) – Tørr frukt. Spesialtype av kapsel i krossblomfamilien Brassicaceae og nokre få slekter i valmuefamilien Papaveraceae, av to fruktblad med ein falsk skiljevegg i midten, opnar seg oftast ved at skulpeveggane fell av og frøa blir hengande att på ramma kring skiljeveggen. Stundom er skulpa omdanna til ei nøttskulpe, eller ein finn ei leddskulpe som brotnar av ledd for ledd.

skålforma – Om blomeform. 

slekt – Hovudkategorien mellom familie og art i det systematiske hierarkiet. Det første leddet i det vitskaplege artsnamnet seier kva for slekt arten høyrer til.

slett – Jamn (ikkje ru eller papilløs), difor stundom blank (om overflate).

slire (vagina, ochrea) – Røyrforma nedre del av eit blad, ligg kring stengelen. Øyreblad som er vaksne saman kring stengelen ovanfor bladfestet, blir òg kalla slire (ochrea).

slirehinne (ligula) – Ei hinne nedst på bladet i overgangen mellom slira og skaftet eller plata, særleg i grasfamilien Poaceae. 

slør (indusium) – Hos bregneplantane. Eit tynt dekke over sorus (sporangiehopane), fell ofte av samstundes med at sporane blir spreidde.

slåtteeng – Eng som blir eller som jamt er blitt slått, men som sjeldan eller ikkje blir pløgd og tilsådd; «tradisjonell» eng.

småaks (spicula) – Blomestand. Delblomestand i grasfamilien Poaceae, sett saman av støtteblad (ytteragner) og éi eller fleire blomeeiningar. 

småart – Systematisk grunneining i kompleks med ukjønna frøformeiring (agamospermi). Småartar kan truleg oppstå raskt, og dei skil seg ofte frå kvarandre berre ved eitt eller nokre få kjenneteikn. Same namnereglar gjeld for desse som for artar elles.

småblad – Einskilde bladdelar i eit samansett (kopla eller finna) blad. 

småfinne – Småfinnane er dei ytste særskilde finnane hos bregneplantar med to eller fleire gonger finna blad. Sjå òg hovudfinne.

smånøtt – Tørr frukt. Fruktblada er frie frå starten av, som i mange slekter i soleiefamilien Ranunculaceae og rosefamilien Rosaceae, eller dei blir om lag frie under fruktmogninga, som i det meste av rubladfamilien Boraginaceae, i leppeblomfamilien Lamiaceae og i vasshårslekta Callitriche. Kvart fruktblad blir til ei nøtt med oftast berre eitt frø, opnar seg ikkje. 

småskjerm (umbellula) – Delblomestand i ein samansett skjerm. 

småsveip, småsveipblad (involucellum) – Støtteblad under småskjermane i ein samansett skjerm. 

snau – Som er utan hår.

snerpe (arista) – Ein utvekst, oftast hår‑ eller broddforma, festa på ryggen av agner hos gras.

snøleie – Ein stad i fjellet der snøen ligg lenge utover sommaren, og som difor har ein særleg kort vekstsesong.

sommarblome – Prydplante dyrka som eittårig i Noreg; kan vere fleirårig elles.

sommargrøn – Som er grøne om sommaren, men som visnar og oftast fell av om hausten (om blad).

sommarskott – Sjå vårskott.

sorus (fleirtal sori) – Samling av sporangium hos bregneplantar, oftast avlang eller rund. Sit oftast på undersida av blada.

spaltefrukt (schizocarpium) – Tørr frukt. Oftast av fleire fruktblad, sprekk opp i to eller fleire delfrukter, kvart oftast av eitt fruktblad med eitt frø. Sjå til dømes kattostslekta Malva.

spalteopning (stoma) – Opning i epidermis (sjå der), med to lukkeceller. Utskifting av gassar (oksygen, karbondioksid) og fordamping skjer mest gjennom spalteopningane.

spatelforma – Som er breiast og avrunda ytst, smalnar jamt mot grunnen (om bladform). 

spiss – Som smalnar jamt mot spissen (om bladspiss). 

spontant oppstått – Som har oppstått utan menneskeleg påverknad. Dette gjeld særleg hybridar som både kan vere hageprodukt, og som kan oppstå av seg sjølve, til dømes kjempekonvall Polygonatum ×hybridum og fleire i vierslekta Salix.

sporadisk – Om lag det same som tilfeldig, som dukkar opp no og då, her og der. Slike plantar blir òg ofte kalla vagabondar.

sporangiehop – Sjå sorus.

sporangium – Eit gøyme som inneheld sporar. Hos nokre karsporeplantar (dvergjamne Selaginella selaginoides og brasmegrasslekta Isoëtes) finn ein særskilde makrosporangium med nokre få, store hosporar og mikrosporangium med mange, små hannsporar.

spore – To tydingar. (1) Eit formeiringsorgan hos sporeplantane. (2) Ein utvekst, oftast frå blomeblada eller frå blomebotnen, oftast eit nektargøyme hos insektpollinerte plantar.

sporehus – Sjå sporangium.

sporofyll – Særskilde blad som ber sporehus/sporangiar. Finst hos mange karsporeplantar. Makrosporofyll ber makrosporangiar; mikrosporofyll ber mikrosporangiar. Omgrepa gjeld òg hos frøplantar (til dømes er kongleskjelet hos bartrea og fruktbladet hos dekkfrøingane eit makrosporofyll, og ein pollenberar er eit mikrosporofyll).

sporofytt – Den diploide, storvaksne generasjonen (planten) hos karplantane. Sporofytten formeirar seg med sporar eller frø. Sjå òg gametofytt.

spydforma – Som har to utvende flikar ved bladgrunnen, til dømes småsyre Rumex acetosella (om bladform). 

staminodium – Omdanna, steril pollenberar. Kan vere petaloid, likne kronblad og høyre til skiltapparatet, til dømes i soleieslekta Ranunculus, omdanna til eit nektarium, til dømes i jåblom Parnassia palustris, eller berre redusert.

staude – Urt, til dømes høgstaude om storvaksne urter.

stein, steinkjerne – Sjå steinfrukt.

steincelle – Harde cellegrupper i fruktkjøttet i pære Pyrus communis.

steinfrukt (drupa) – Frukt der den ytre delen av fruktveggen er saftig, den indre er hard (steinkjerne) og ligg som eit skal kring eitt eller fleire frø. På utsida kan ein ikkje sjå skilnad på steinfrukt og bær; ein må skjere dei over og sjå på fruktveggen.

stengelblad – Blad på stengelen, ofte ulik grunnblada.

stengelknoll – Fortjukka lagringsorgan på nedre delen av stengelen, til dømes hos fleire artar/rasar i kålslekta Brassica og i skjermplantefamilien Apiaceae.

steril – Som ikkje set frø eller sporar som kan spire (men planten kan formeire seg på andre vis, til dømes med yngleknoppar eller renningar som rotslår).

stilkkjertel – Kjertel med eit tydeleg skaft.

stivhåra – Som har stive, oftast rette hår.

stjernehår – Hår med eitt skaft og fleire greiner frå om lag same punktet, stundom greina fleire gonger. 

storskjerm (umbella) – Blomestand. Hovudskjermen i ein samansett skjerm. 

storsveip, storsveipblad (involucrum) – Støtteblad under hovudskjermen i ein dobbeltskjerm (sjå der). 

strandeng – Veksestader på finmateriale ved havet (stundom òg ved innsjøar) der vegetasjonen ofte blir overfløymd og er dominert av graminidar.

strengtuve – Lange, smale tuver på tvers av hellingsretninga i oftast store, svakt hellande jordvassmyrer.

strihåra – Som har strie, oftast rette hår. Kjennest ru.

strobilus (fleirtal strobili) – To tydingar. (1) Konglene hos nakenfrøingar. (2) Aksforma samling av sporofyll hos kråkeføter og sneller.

støtteblad  – Blad som støttar blomar eller greiner i blomestanden. Det er særlege omgrep for nokre støtteblad, til dømes spatha som støttar blomestanden hos myrkongle Calla palustris og kalmusrot Acorus calamus, sveipblad i andre blomestandar (til dømes i skjermar), dekkskjel i storrfamilien Cyperaceae, agner i korgplantefamilien Asteraceae, og ytteragner i grasfamilien Poaceae. 

subtropane – Ei hovudvegetasjonssone mellom tropane og temperert sone, med tydeleg temperatur- og nedbørsvariasjon mellom sesongane og stundom litt frostrisiko i den kalde sesongen.

sukkulent – Tjukk og saftfull (brukt om blad og stenglar).

sump, sumpjord – Sump er permanent fuktig mark, men der temperaturforholda og/eller næringsforholda er slik at organisk materiale raskt blir omsett og blandar seg med mineraljord (sumpjord); òg karakterisert av særskilde sumpplantar.

sumpplante – Ein plante som regelmessig veks i svært blaut jord eller i vatn, men der delar av skottet (og ikkje berre blomestanden) stikk opp over vatnet. Sjå òg vassplante.

sumpskog – Skog på sumpjord, ofte med særskilde sumpplantar.

svampvev – Porøst vev, oftast i ei frukt eller i eit fruktgøyme (hos storr Carex).

sveipblad – Støtteblad i ein skjerm (sjå der) eller under andre blomar.

sverdforma – Om blad som sit med smalsida mot stengelen, anten av di dei er vridde eller av di dei er tett folda saman om midtnerven. Sjå til dømes kalmusrot Acorus calamus, sverdlilje/iris Iris, rome Narthecium ossifragum og bjønnbrodd Tofieldia pusilla.

sylforma – Som er trint, smalnar meir eller mindre jamt mot spissen (om bladform). 

symbiose – Samliv, her brukt om samliv mellom plantar (som kan vere parasittisk) eller med sopp.

synonym – Eit vitskapleg namn, men som anten ikkje har prioritet eller som ikkje er gyldig for den planten det viser til. Mykje brukte synonym er inkluderte i floraen i hakeparentesar [«synonym»].

særbu (dioik) – Som har hann- og hoblomar som sit på særskilde plantar.

søraustleg – Som er utbreidd i SA-Noreg (Austlandet, for ein del plantar òg indre fjordstrøk på Vestlandet og kring Trondheimsfjorden og dalane innanfor), i område med eit noko kontinentalt klima og varme somrar.

sørberg – Berg og ur som vender mot søraust, sør eller sørvest, og som difor oftast har eit varmare lokalklima enn områda ikring. I dalføra på indre Austlandet, i Nord-Noreg og i fjellstrøk er sørberg ofte stader som er særleg rike på varmekjære plantar.

Sørlandet – Samlenamn for Agder-fylka.

sørleg – Som er utbreidd i sørlege delar av Noreg (både på Austlandet og Vestlandet), i område med rimeleg milde vintrar og rimeleg varme somrar.

sørleg unisentrisk – Som hos oss berre veks i det sørskandinaviske fjellområdet (brukt om fjellplantar).

sørleg–søraustleg – Som er sørlege, men med eit tydeleg tyngdepunkt i søraust i Noreg.

sørleg–vestleg – Som er sørlege, men som går mykje lenger nordover i vestlege enn i austlege strøk (norsk og skandinavisk utbreiing).

sørvestleg – Som har hovudtyngda eller heile utbreiinga i Noreg frå Sørlandet til Hordaland. Knytt til område som både har eit oseanisk klima og rimeleg varme somrar.

T

​tagga – Som har taggar (om overflate).

tal – Med talforhold i blomar meiner ein oftast talet på blomeblad og særleg kronblad eller kronflikar. Einfrøbladingane har oftast tretalsblomar (éin eller fleire tretalskransar med blomeblad), tofrøbladingane har oftast fire‑ eller femtalsblomar.

tangvoll – Sjå driftvoll.

tanna – Som har korte innskjeringar, mindre enn ca. 1/5 inn mot midten (om bladkant). 

tetrade – Det å sitje fire saman. Oftast brukt om pollen der dei fire pollenkorna frå ei pollenmorcelle heng saman og blir spreidde samla.

tetraploid – Som har fire kromosomsett.

tilfeldig – Ikkje stabil; blir funnen no og då, men formeirar seg normalt ikkje i Noreg og held seg ikkje lenge. Kjem oftast frå ein meir eller mindre tilfeldig innførsel, men nokre tilfeldige plantar kjem òg utan hjelp frå folk (spontane vagabondar).

tilspissa – Som har konkave sider ut mot spissen (om bladspiss). 

tokjønna blome – Blome som har både holege og hannlege organ (fruktblad og pollenblad).

topp (panicula) – Blomestand (greina) der hovudskottet ved kvar forgreining dominerer over sideskotta. Dei einskilde blomane er (oftast) skafta. Ein «drueklase» hos vinranke Vitis vinifera er til dømes ein topp, ikkje ein klase.

torn – Stiv og kvass utvekst på stengel eller blad, kjem frå borken eller veden. Ein borktorn er festa i og lausnar med borken, medan ein vedtorn er festa inne på veden.

tornfeste – Grunnen av ein torn, ofte med ulik form og farge frå resten av tornen. Særleg viktig kjenneteikn i bjørnebærslekta Rubus og roseslekta Rosa.

torntanna – Som har stive, kvasse, tornforma tenner (om bladkant).

torv – Nesten reint organisk substrat i myr (sjå der).

toårig (biennis) – Som set ein bladrosett første sommaren og oftast dannar ei tjukk rot som lever over vinteren, og som set stengel, blømer, set frø og døyr andre sommaren. Typisk for mange rotgrønsaker: gulrot, nepe, turnips, reddik.

tre – Vedplante, oftast ein- eller fåstamma med tydelege hovudstammar, oftast meir enn 3–4 m høg som fullvaksen.

trekanta – Som er breiast og om lag tverr ved grunnen, smalnar jamt mot spissen med om lag rette sider (om bladform). 

trektforma – Som er forma som ei brei trekt (oftast brukt om krona på ein blome).

trevlerot – Sjå knipperot.

trimorf heterostyli – Det finst tre ulike typar blomar hos plantar av same arten, med ulik lengd og plassering på griffel og pollenberarar. Sikrar krysspollinering. Best kjend frå kattehaleslekta Lythrum.

trinn – Som er rund i tverrsnitt.

triploid – Som har tre kromosomsett i cellene. Triploide plantar har om lag alltid oppstått som hybridar (mellom artar eller innanfor éin art). Dei er anten sterile eller formeirar seg vegetativt eller med ukjønna frøsetjing (agamospermi). Løvetannslekta Taraxacum har mange slike agamosperme triploidar.

tropane – Den varmaste, ekvatoriale hovudvegetasjonssona, med liten variasjon i temperatur gjennom året og ingen frostrisiko i låglandet.

trådforma – Trinn, jambrei (om bladform). 

tundra – Slutta, lågvaksen arktisk vegetasjon, dominert av buskar og dvergbuskar (i sørlege tundrasoner), graminidar, urter, mose og lav.

tungeforma – Som er forma som ei tunge (om bladform). 

tungekrone – Hos korgplantar. Monosymmetrisk, einleppa krone, med tre eller fem tenner i spissen av tunga.

tungmetall – Fleire grunnstoff som går inn i ymse kistypar, til dømes kopar, bly og molybden, og som kan verke som gift på plantar.

turion – Eit forkorta, kompakt overvintringsskott med tettstilte blad, særleg hos vassplantar (til dømes i tusenbladslekta Myriophyllum og blærerotslekta Utricularia) eller sumpplantar (til dømes hos fleire artar i mjølkeslekta Epilobium).

tuve – To tydingar. (1) Ei kompakt vekstform der skotta sit tett saman ved grunnen. (2) Eit høgare parti på ei myr der grunnvatnet sjeldan eller aldri når opp til overflata, ofte med lyngplantar og lav.

tverr – Som er nokså vinkelrett i enden (om bladspiss og bladgrunn). 

tømmerplass – Ein plass der tømmer blir innført eller handtert, særleg flisfyllingar der det kjem inn mykje framande plantar som følgjer med borken.

tørrbakke – Grunnlendt mark der jorda tørkar mykje ut i delar av året.

U

ugras – Ein plante som veks på stader der folk meiner han ikkje skulle vore. Særleg brukt om plantar som set ned produksjonen eller har annan skadeverknad på dyrka mark eller i hagar.

ukjønna frø-/sporeformeiring – Det at plantar set frø eller sporar utan befruktning.

ulikefinna – Som har ein endefinne (om finna blad). Ulikefinna blad har eit oddetal finnar (3, 5 7 eller fleire). Figur 3.

ullhåra – Som har lange hår som ikkje er filtra sterkt inn i kvarandre.

ultramafisk – Sterkt omdanna, silikatrik; brukt om berggrunn som inneheld svært mykje magnesium jamført med kalsium (særleg serpentin og olivin). Slik berggrunn verkar som gift på storparten av plantar, men nokre har spesialtilpassa seg.

umbo – Kongleskjela hos furu Pinus har ein utvekst kalla «apofyse», anten i toppen eller på ryggsida, og midt på apofysen sit ein navle kalla «umbo», hos nokre artar med ein pigg på midten.

underart (subspecies) – Kategori under art i det systematiske hierarkiet. Ein underart er oftast skild frå andre underartar innanfor same arten ved to eller fleire karaktertrekk og ved ulik utbreiing og/eller økologi, stundom òg ved redusert fertilitet i krysning mellom underartane. I det vitskaplege namneverket blir underartar namnsette ved at ein legg forkortinga «subsp.» (subspecies) og eit særskilt epitet til artsnamnet. Den underarten som typematerialet for arten høyrer til, får same epitet som arten og utan særskild autor, til dømes skogfuru Pinus sylvestris L. subsp. sylvestris.

underbeger (hypanthium) – Ein røyrforma blomebotn under beger og krone hos ekstremt oversitjande blomar, til dømes i nattlysslekta Oenothera. Figur 7.

underbork – Eit borklag mellom ytterborken og veden, ofte med annan farge enn begge desse, til dømes den gule underborken hos ullvier Salix lanata og raudpil S. purpurea og hos berberis Berberis vulgaris.

underfamilie (subfamilia) – Kategori under familie i det systematiske hierarkiet.

underjordsrenning – Forlengd underjordisk stengel med lange ledd og oftast med reduserte, skjelforma blad. Plantar med underjordsrenningar formar ofte store matter.

underleppe – Den nedre delen av krona (eller stundom begeret) hos monosymmetriske blomar dersom denne delen er spesielt utforma, til dømes i leppeblomfamilien Lamiaceae og orkidéfamilien Orchidaceae, der berre kalla leppe. Ofte landingsplassen for pollinerande insekt. Sjå òg overleppe.

undersitjande (hypogynt) blomedekke – Blomeblada og pollenberarane sit festa nedanfor eller ved grunnen av fruktblada. Figur 8.

underslekt (subgenus) – Kategori under slekt i det systematiske hierarkiet.

undervassblad – Spesielt utforma blad hos mange vassplantar som har ulike typar blad, undervassblad, flyteblad (sjå der) og stundom luftblad, til dømes i vassoleiegruppa Ranunculus underslekt Batrachium og i tjønnaksslekta Potamogeton. Undervassblad er oftast tynne, utan kutikula og vokslag, oftast utan spalteopningar, og ofte mørkgrøne eller brunlege.

urt – Eitt‑ eller fleirårig plante der overjordsdelane anten visnar ned om hausten eller er fleirårige, men ikkje forveda.

utdregen – Som smalnar meir eller mindre jamt til ein lang spiss (om bladspiss).

utkryssar – Ein plante som er meir eller mindre sjølvinkompatibel (som ikkje befruktar seg sjølv). Nokre er obligate, slik at pollen ikkje fungerer på arr på same individet; fleire er fakultative, slik at pollen frå eit anna individ fungerer betre enn pollen frå same individ.

utranda (emarginatus) – Som har eit innhakk i toppen av bladet (om blad og blomeblad). Figur 4. Ofte òg kalla innbukta eller innskoren.

V

vagabond – Her brukt om ein heimleg plante som kjem og går, som ikkje er stabil.

varietet (varietas) – Kategori under art i det systematiske hierarkiet. Ein varietet skil seg frå andre varietetar innanfor arten ved oftast meir enn eitt karaktertrekk og oftast ved noko ulik utbreiing og/eller økologi. I det vitskaplege namneverket blir varietetar namnsette ved at ein legg forkortinga «var.» og eit særskilt epitet til artsnamnet (eller underartsnamnet). Varietet og underart er om lag synonyme omgrep og har same rang i koden for botanisk nomenklatur. Berre nokre få varietetar er tekne med i floraen.

vassplante – Ein plante som jamt veks neddukka i vatn. Hos mange vassplantar er det berre blomestandane som stikk opp i eller over vassflata. Mange vassplantar kan likevel vekse på tørrlagd jord, og somme blømer oftast der. Sjå òg sumpplante.

vasspollinering (hydrofili) – Det at pollenet hos vassplantar der arra ligg i vassoverflata, anten kjem frå pollenberarar i eller rett over vassoverflata (til dømes i vasshårslekta, Callitriche) eller blir sleppte ut nede i vatnet og flyt opp. Førekjem òg hos nokre landplantar (regnpollinering).

vass-spreiing (hydrochori) – Spreiing av frø eller frukter med vatn.

vatningslok – Små vassdammar i beitelandskap, der husdyr kjem for å drikke. Kring vatningslokar blir det mykje opptråkka jord, og ei rekkje konkurransesvake plantar veks særleg på slike stader.

vedplante – Fleirårig plante der overjordsdelane blir forveda og står i minst to år (til dømes bringebær Rubus idaeus), men oftast i fleire år.

vedtorn – Ein torn (sjå der) som kjem ut frå veden (ikkje frå borken), til dømes i hagtornslekta Crataegus og hos slåpetorn Prunus spinosa.

vedås – Ås eller ribbe på veden under borken, viktig for namnfesting hos mange Salix-artar. Vedåsar finn ein mest på eldre kvister (tre til fire år gamle eller meir). Sjå figur hos gråselje Salix cinerea.

vegetativ – Som ikkje blømer eller set sporar (om skott eller plante). Det motsette er generativ.

veggdel – Skulpa hos krossblomar Brassicaceae har to delar, ein øvre griffeldel (oftast utan frø) og ein nedre veggdel (oftast med frø).

vengje – To tydingar. (1) I blome, sidestilte beger‑ eller kronblad, særleg hos erteblomfamilien Fabaceae og i blåfjørslekta Polygala. (2) Ein smal kant på til dømes stenglar, sjå vengjekant.

vengjekant – Ein smal kant på frø, frukter, beger, stengel eller som ei forlenging av bladkantar ned på stengelen.

vengjekanta – Som har vengjekant.

vepsepollinering – Pollinering med veps (og humler). Typiske vepseplantar er flugeblom Ophrys insectifera og brunrot Scrophularia nodosa.

vestasiatisk – Som er utbreidd i Vest-Sibir og Midtausten, stundom aust til Sentral-Asia.

Vestlandet – Samlenamn for vestlandsfylka: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

vestleg – Som er utbreidd i vestlege delar av Noreg, på vestkysten frå Rogaland nord til Møre og stundom med ei smal utbreiing vidare til nordre Nordland (Lofoten). Knytt til område med eit oseanisk klima.

vestleg–nordvestleg – Som er utbreidd nord på Vestlandet, i ytre Trøndelag og i kyststrøk i Nord-Noreg.

vestsibirsk – Som er utbreidd i Vest-Sibir.

vill – Som ikkje er dyrka på staden.

vindpollinering (anemogami) – Det at pollenet blir vindtransportert. Vindpollinerte plantar har oftast små pollenkorn utan kitt, med lite ornamentering på overflata, og pollenberarar og arr som heng eller stikk godt ut av blomane. Nokre døme: grasfamilien, storrfamilien og sivfamilien, rakletre og malurtslekta Artemisia.

vindspreiing (anemochori) – Spreiing av frø og frukter med vind.

vintergrøn – Som står grøne over vinteren (om blad), og som fungerer på våren før dei nye blada kjem, til dømes i taggbregneslekta Polystichum, blåveis Hepatica nobilis og i vintergrønslekta Pyrola. Sjå òg eviggrøn.

vinterknopp – Sjå knopp.

vitskapleg namn – Namn i eit internasjonalt namneverk for organismar. Dei vitskaplege plantenamna er omfatta av eit internasjonalt regelverk (ICN). Dei byggjer på namn frå mange språk, kanskje mest frå gresk, men med grammatikalske reglar frå latin.

vivipar – Som føder levande ungar. Hos plantar anten brukt om frø som spirer på morplanten (svært sjeldsynt i Noreg, men velkjent frå til dømes mangrovar), eller i overført tyding om yngleknoppar som spirer i blomestanden, til dømes hos fjellbunke Deschampsia alpina og fleire artar i svingelslekta Festuca og rappslekta Poa, og i harerug Bistorta vivipara. Sjå òg yngleknopp.

vivipari – Det å vere vivipar.

vortete – Som har tett- eller spreiddstilte vorter (om overflate).

vårskott – Nokre plantar har særskilde reproduktive skott på våren, ofte heilt eller om lag utan klorofyll, og grøne, vegetative skott på sommaren. Særleg tydeleg er dette hos nokre artar av snelle Equisetum, i pestrotslekta Petasites, hestehov Tussilago farfara og i lungeurtslekta Pulmonaria (men her med vårskott med klorofyll).

våtmark – Veksestader som er jamt fuktige. Omfattar m.a. sump og myr.

Y

yngleknopp – Aseksuell formeiringseining, oftast omdanna frå små sideskott (til dømes hos knopparve Sagina nodosa), eller skottspissar (til dømes hos putearve Sabulina rossii og polararve Cerastium regelii), småblad (til dømes i engkarsegruppa Cardamine pratensis s. lat.), eller frå blomar eller blomedelar (til dømes hos harerug Bistorta vivipara, grynsildre Micranthes foliolosa og vivipare gras). Sjå òg vivipar/vivipari.

ytteragn (gluma) – Dei ytste blada i småakset hos gras, støtteblad for heile småakset. Småakset har oftast to ytteragner, same kor mange blomar eller blome-einingar det har. 

ytterbeger, ytterbegerblad/flikar – Små blad på utsida av og ofte alternerande med begerblada, ofte tolka som øyreblad til begerblada. Særleg tydeleg i mange slekter i rosefamilien Rosaceae og kattostfamilien Malvaceae.

ytterkysten – Den ytste, vintermilde kysten i Noreg der middeltemperatur for kaldaste månad ikkje kjem under 0 °C. Det vil seie at desse områda klimatisk ikkje har vinter, berre ein lang haust som går rett over i ein lang vår.

Ø

økotype – Einingar innanfor ein art som er genetisk tilpassa særskilde veksestader, til dømes ein sanddyneøkotype av skjermsveve Hieracium umbellatum eller ein fattigmyrøkotype av storblåfjør Polygala vulgaris, og som er morfologisk ulike andre økotypar. I det systematiske hierarkiet og namneverket blir økotypar ofte behandla som varietetar.

øyreblad (stipula) – Små blad ved grunnen av bladskaftet, oftast eitt på kvar side. Øyreblad er stundom samanvaksne med bladskaftet, til dømes i mureslekta Potentilla og hos doggpil Salix daphnoides, eller samanvaksne innbyrdes til ei slire, til dømes i saltbendelslekta Spergularia og i slireknefamilien Polygonaceae. 

øyreflik – Frie flikar ved grunnen av begerblada. Sjå til dømes brunnkarseslekta Rorippa.

Å

åker – Ein stad der kulturplantar, hovudsakleg matplantar, blir dyrka.

årskvist/årsskott – Kvisten eller skottet som er danna siste sommaren. Årskvistar er mindre forveda, grannare og oftast meir håra enn eldre kvistar.

åstrakter – Høgtliggjande strøk nedanfor og/eller utanfor fjellkjeda, oftast i mellom‑ eller nordboreal sone.