Artsdatabanken har gjort eigne risikovurderingar for framande artar på Svalbard. Mange av dei vurderte artane er dørstokkartar, som vi reknar med vil kunne etablere seg etter kvart som klimaet blir varmare.  

For Svalbard med kystsone er 62 artar risikovurderte i Framandartslista 2023. Dei fleste av desse er karplanter (27 artar) eller marine artar (32). Mange av dei vurderte artane er artar vi kjenner godt frå fastlandet, som brennesle Urtica dioica, ryllik Achillea millefolium og raudkløver Trifolium pratense. På Svalbard er desse artane altså framande.   

Dei fleste av artane på Svalbard, som for Fastlands-Noreg, er vurdert til låg risiko. Berre seks artar er vurdert til høg eller svært høg risiko.   

Talet på artar i kvar risikokategori på Svalbard.  

Mange dørstokkartar vurderte på Svalbard   

Av dei 62 artane som er vurderte for Svalbard med kystsone er 48 enno ikkje påvist i området, eller dei reproduserer ikkje utandørs utan menneskeleg hjelp. Dei er dermed vurderte som dørstokkartar - artar vi forventar vil reprodusere sjølvstendig utandørs innan 50 år. Alle dei tre artane som er vurderte til å utgjere svært høg risiko på Svalbard (japansk sjøpung "havnespy" Didemnum vexillum, kongekrabbe Paralithodes camtschaticus og fiskeparasitten Gyrodactylus salaris) er dørstokkartar.   

Mange av dørstokkartane for Svalbard høyrer naturleg heime i Fastlands-Norge med havområder. Eksempelvis er strandkrabbe Carcinus maenas, dødmannshand Alcyonium digitatum og saueskjel Cerastoderma edule artar som finst naturleg langs kysten av Noreg, mens dei på Svalbard er vurderte som dørstokkartar. Dei resterande 18 dørstokkartane er observerte på Svalbard, men dei reproduserer ikkje der. 

Talet på dørstokkartar for Svalbard med kystsone fordelt på dei ulike etableringsklassene, frå å ikkje å ha komen til Svalbard enda til at arten overlev vinteren utandørs, men da ikkje som ein reproduserande art. Den høgaste etableringsklassa arten oppfyller i dag avgjer arten sin etableringsstatus. 

Eit varmare klima vil auke trusselen frå framande artar   

Fordi Svalbard har eit kaldt klima er det mange artar som ikkje kan etablere seg der, sjølv om dei blir spreidd dit. Lave temperaturar kan avgrense spreiing og spesielt forhindre seksuell formering. Eit eksempel er japansk sjøpung, populært kalla havnespy. Arten klarer mest truleg ikkje å reprodusere seksuelt i Svalbard si kystsone slik klimaforholda er no, sjølv om den truleg kan spreie seg noko gjennom aseksuell formering (ved hjelp av fragment).  

Med global oppvarming vil framande artar som allereie er på Svalbard gradvis kunne spreie seg, etablere seg og utgjere ein høgare økologisk risiko. Sjansen vert også større for at dørstokkartar kjem til øygruppa når klimaet blir varmare.  

63 % av artane som er vurdert for Svalbard ville ha skåra lågare på invasjonsaksen om det ikkje hadde vore for klimaendringane, altså ville ekspansjonshastigheita og/eller den forventa levealderen til arten ha vore lågare. Tilsvarande ville 47 % av artane ha skåra lågare på økologisk effekt om det ikkje hadde vore for klimaendringane.  

Korleis kjem artane til Svalbard?  

Dei fleste karplanter har kome, eller er forventa å kome, til Svalbard som frøforureining i dyrefôr (forureining av vare). Unnataka er markraudsvingel Festuca rubra subsp. rubra og smårapp Poa humilis som blei planta for å gjere det grønare i busetjingar, og fjelltistel Saussurea alpina som mest sannsynleg blei innført som prydplante.   

Talet på artar av karplantar, fordelt på tre ulike spreiingsvegar (forureining av vare, blindpassasjer og/eller direkte import) til areal innandørs eller areal avsett til produksjon utandørs. Ein art kan ha fleire spreiingsvegar. 

Dei fleste marine invertebratar vert spreidd med ballastvatn, eller dei kan kome fordi dei veks på fartøy. Det er berre få artar som blir forventa å kunne spreier seg naturleg. Hoppekreps Acartia tonsa og kongekrabbe Paralithodes camtschaticus er eksempel på slike.   

Austmarkmus Microtus levis er allereie etablert på Svalbard, og har truleg kome dit som blindpassasjer på sovjetiske skip som frakta fôr til husdyrhald. Husmus Mus musculus og brunrotte Rattus norvegicus er ikkje observert på Svalbard enda, men det er ikkje utenkjeleg at artane kan følgje med som blindpassasjer i varetransport.   

Den einaste fiskearten som er vurdert for Svalbard er pukkelaks Oncorhynchus gorbuscha. Arten er funnen i kystfarvatnet rundt Svalbard, òg i elvar. Pukkellaksen sin førekomst i området er eit resultat av eigenspreiing etter at dei i fyrste omgang blei sett ut i Barentshavet.  

Økologiske effektar på naturtypar og heimehøyrande artar 

På Svalbard, som på fastlandet, er det dei naturtypane som er sterkast påverka av menneskeleg aktivitet som har flest framande artar. I naturtypen sterkt endra fastmark med lausmassedekke, kan ein finne heile 24 framande karplanter. Det er også i denne naturtypen ein reknar med at dørstokkartane brunrotte og husmus vil kunne etablere seg. Brunrotte vil i tillegg kunne spreie seg til område med fuglekoloniar, der den kan ha alvorlege effektar på sjøfuglbestandar. Alkekonge Alle alle og lunde Fratercula arctica er tenkt å vere mest utsett om dette skjer.    

Framande karplanter på Svalbard har avgrensa moglegheit for å spreie seg fordi dei har spesielle krav til næring i substratet der dei veks. Nokre av desse, mellom annan hundekjeks Anthriscus sylvestris, kan kome til å ekspandere dersom dei spreier seg til naturtypen fuglefjell-enger eller fugletoppar. På Svalbard er det mange raudlista karplanter som er knytte til denne naturtypen, til dømes småaugnetrøyst Euphrasia wettsteini og småsøte Comastoma tenellum (begge sterkt trua). 

På Svalbard er dei vurderte framande marine invertebratane oftast knytte til saltvassbotnsystem.  Spesielt eufotisk fast saltvassbotn og fast fjærebeltebotn, der desse artane kan bli dominerande eller påverke samansetjinga av artar i eit økosystem. I tillegg til direkte effektar på heimehøyrande artar, kan framande artar overføre parasittar og sjukdomar. Eksempel på dette frå Svalbard er reka Crangon crangon, som er berar av ein parasittisk dinoflagellat (Hematodinium sp.) som kan overførast til heimehøyrande artar av krabber og reker.  

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Framande artar på Svalbard. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343224 Nedlastet dag/måned/år