I Noreg har omlag 1400 risikovurderte framande artar allereie spreidd seg til naturen. Nokre av desse er med vilje sett ut, andre har rømt eller forvilla seg, og atter andre har snike seg med frå andre land som blindpassasjerar.

Framande artar er artar som med menneskeleg hjelp er spreidd til område der dei ikkje finst naturleg. Slike artar blir rekna som ein av dei største truslane mot naturmangfaldet i Noreg og på verdsbasis. For at forvaltninga og andre skal kunne setja i verk tiltak mot framande artar treng vi kunnskap om korleis artane kjem til Noreg og korleis dei spreier seg til naturen. Denne kunnskapen finn du i Framandartslista 2023.

Vegen ut i naturen

Mange av dei framande artane er innom eit produksjonsareal, innandørs eller utandørs, før dei spreier seg vidare ut i naturen. Dette gjeld til dømes framande treslag som vert importert, prydplanter til bruk i hagar og parkar og importerte hobbydyr.

Når vi importerer varer kan også framande artar kome med på lasset utan at vi er klar over det – det er det vi kallar blindpassasjerar. Det kan vere at akvariefisken eller hageplanten har med seg framande parasittar, at eit lite insekt sit gøymt i ei varekasse, eller at ei frøblanding er forureina med nokre få andre frø enn den skulle innehalde.

Nokon artar, som allereie er etablert som framande artar i nabolanda våre, kjem til Noreg ved at dei spreier seg sjølv over grensa – såkalla naturleg spreiing.

Dei ulike spreiingsvegane

I Framandartslista 2023 finst det informasjon om korleis 2241, av dei totalt 2267 artane vurdert for Noreg, spreier seg til naturen. Dette talet inkluderer også dørstokkartane. Om arten ikkje har spreidd seg til naturen enno, er det måten vi forventar at arten vil spreie seg på som er oppgitt.

Artane blir delt inn etter seks ulike måtar dei kan spreia seg ut i naturen på – det kallar vi spreiingsvegar. Desse er definerte etter ein internasjonal standard:

  • Utsetting: Arten er med hensikt sett ut i naturen av menneske med eit føremål.
  • Rømming/forvilling: Arten har rømt, til dømes frå eit oppdrettsanlegg eller forvilla seg frå ein hage. Dette inkluderer også dumping og frislepp av artar.
  • Blindpassasjer: Arten har tilfeldig følgt med under transport av menneske og varer, eller på køyretøy og fartøy.
  • «Forureining»: Arten er ein parasitt eller anna «smitte» på levande/døde organismar eller organisk materiale som vert transportert inn i landet. Slike artar har ei spesifikk tilknyting til varen.
  • Korridor: Arten spreier seg på eigenhand via menneskeskapte installasjonar, som til dømes ein tunnel eller ei bru.
  • Eigenspreiing: Arten spreier seg sjølvstendig, og ikkje via menneskeskapte strukturar. Arten må vera framand i det området han spreier seg frå.

Størsteparten spreier seg som blindpassasjerar

I dei fleste tilfella skjer spreiinga av ein framand art til naturen utan at vi heilt er klar over det – den framande arten spreier seg som blindpassasjer. Om vi slår saman alle dei artane som "følgjer med på lasset", både blindpassasjerar som følgjer med varer og kjøretøy og dei som spreier seg som parasittar og som anna smitte ("forureining"), utgjer dette heile 53 % av artane som spreier seg til naturen.

Eit døme på slik spreiing er når hageplanter som er infisert med ein framand parasitt blir dumpa utanfor hagegjerdet, eller når fisk som har med seg smitte blir sett ut i vatn. Utilsikta introduksjon til naturen skjer òg ved at framande insekt, planterestar og frø følgjer med som blindpassasjer på køyretøy eller til og med under skosålane våra.

Artar som blir importerte til Noreg endar ofte opp i eit produksjonsareal ute, eller også innandørs i butikkar, gartneri, lagerbygningar ol. Mange artar forvillar seg eller rømmer frå slike utandørs- eller innandørsareal. Dette gjelder 49 % av dei risikovurderte artene for Noreg i Framandartslista 2023. Majoriteten av desse er planter som forvillar seg frå hagar. Talet omfattar òg artar som blir dumpa i naturen, som til dømes akvariefisken rauddgjella solabbor Lepomis gibbosus. Den arten er rapportert frå fleire vatn på Austlandet.

Fleire av artane på Fremmedartslista er sett direkte ut i naturen av menneske (10 %) for ulike formål. Dette gjeld til dømes planta roselyng Kalmia angustifolia som blei sett ut i forskningsøymed i Ås, og fisken suter Tinca tinca som blei sett ut til sportsfiskeføremål.

Nokre framande artar spreier seg på eiga hand direkte ut i naturen (25 %). Dette gjeld blant anna artar som er framande i våre naboland og som spreier seg sjølv over til naturen i Noreg. Villsvinet er døme på ein slik art. Det har sjølv gått over grensa frå Sverige, og er no i spreiing på Austlandet. Det inkluderer òg til dømes insekt som har følgt med import av varer til areal innandørs, men som så spreier seg vidare ut i naturen på eiga hand.

 

Talet på artar for fire ulike spreiingsvegar. Alle framande arter som er risikovurdert for Fastlands-Noreg med havområder er rekna med i figuren. Merk at nokre arter kan ha fleire ulike spreiingsvegar.

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Slik spreier dei framande artane seg til naturen. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343223 Nedlastet dag/måned/år