Hagelupin er ei framand, meterhøg urt i erteblomfamilien. Ho vart først innført som prydplante og seinare for å stabilisere jordmassar langsmed vegar og jernbanar. Arten spreier seg med både frø og jordstenglar og er eit påfallande innslag, særleg langsmed vegar, over store delar av landet.

Kjenneteikn

Hagelupin er ei fleirårig urt som vert opp til 120 cm høg. Stengelen er korthåra. Som hos slekta elles er blada mangekopla. Hos hagelupin har dei mangekopla blada 10–15 småblad som er langhåra på undersida og oftast spisse. Blomane sit kransstilte i ein lang klase. Begeret har ei 3–6 mm lang, heil underleppe. Krona kan ha mange ulike farger: blå, kvit, raud eller fiolett (men sjå kommentar nedanfor). Skolmen er håra og inneheld mange, matte frø.

Hagelupin med sine mangekopla blad med over ti, oftast spisse, småblad.

Ein fleirfarga bestand av hagelupin frå Melhus i Sør-Trøndelag.

Blomane er typisk blåfiolette hos hagelupin, men mange andre fargevariantar er òg vanlege. Kjølen, det nedste kronbladet i blomen (utforma som ein båtkjøl) er heil.

Kromosomtal

Arten er truleg diploid med grunntal 12 (2n = 24), men det er uvisst kva som er grunntal i denne slekta. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hagelupin er innført og vert dyrka som prydplante og er sådd ut i vegskråningar og jernbaneskråningar for å stabilisere jordmassar og byggje opp jordmonn. Arten er særleg vanleg på skrotemark og langsmed vegar og finst elles i grasmark, skogkantar, og han har etter kvart òg funne vegen til elveøyrer og dels havstrand. Som andre erteblomar, har arten knollar på rotsystemet der det er nitrogenfikserande bakteriar. Arten gjer difor jorda meir nitrogenrik.

Hagelupin er vanleg nord til Alta og Hammerfest i Finnmark, med spreidde funn vidare til Vadsø, men han synest å vere noko oseanisk og er noko mindre vanleg i innlandsstrøk og i Nord-Noreg enn i resten av landet. Han spelar ei stor rolle langsmed vegar og i anna kulturlandskap i låglandet frå midtre Austlandet langsmed kysten til sørlege Nordland. Nokre stader, som på Vestlandet, er han så utbreidd at han har fått plass på mange postkort og turistbilete som eit kjenneteikn for landskapet. Arten kjem frå vestlege Nord-Amerika.

Hagelupin er eit særs vanleg syn langs vegkantar over store delar av landet.

Hagelupin har òg funne vegen ned til elveøyrer. Her veks han saman med den raudlista arten klåved Myricaria germanica i Midtre Gauldal (Sør-Trøndelag).

Kommentarar

Røtene hos hagelupin har, som dei andre artane i slekta, bakterieknollar som bind nitrogen direkte frå lufta.

Hagelupin har, som andre lupinar og i likskap med mange andre artar i erteblomfamilien, symbiose med nitrogenfikserande bakteriar i rotknollane. Dette er grunnen til at artane har vore nytta til stabilisering av jordmassar og såkalla jordforbetring, det vil seie tilføring av næring til skrinne og næringsfattige jordmassar.

Det er noko uvisst kva det eigentleg er vi har av lupin. Nokre kjelder (til dømes Stace 2019) seier at hagelupin er blåbloma, og at dei andre fargane (kvit, rosa, raud, ein sjeldan gong gul) tyder på at det er hybridarten russellupin Lupinus ×regalis. Russellupin er ein hagehybrid (eller eit hybridkompleks) mellom dei nordamerikanske artane trelupin Lupinus arboreus og hagelupin (kanskje òg med innslag frå andre artar). I Storbritannia vert det sagt at hagerømlingar registrert som hagelupin i nyare tid truleg i all hovudsak er russellupin. Vi trur ikkje at tilsvarande gjeld for dei forvilla lupinane i Noreg.

Russellupin skal vere noko meir forveda ved grunnen (eit trekk frå trelupin-forelderen) og med forgreina stengel, noko vi ikkje ser hos dei mest vanlege forvilla, fleirfarga lupinane. Hybriden er mykje dyrka, og nokså sikkert identifiserte plantar er no så vidt registrert utanfor hagegjerdet (førebels utan dokumentasjon i form av bilete eller herbariebelegg).

Forvekslingar

Hagelupin tilhøyrer ei gruppe av fleirårige lupin-artar, og det er i hovudsak dei to andre, nokså vanlege, fleirårige artane han kan forvekslas med, nemleg sandlupin Lupinus nootkatensis og jærlupin Lupinus perennis. Dei eittårige artane (gullupin Lupinus luteus og smallupin Lupinus angustifolius) er mindre av vekst og har nokså store frø (større enn 5 mm) som er blanke, ikkje matte.

Dei tre fleirårige lupinane har frø som er matte og mindre enn 5 mm. Dei kopla blada hos hagelupin har fleire småblad enn dei to andre artane, det vil seie 10–15 mot 6–10. Småblada er oftast spisse hos hagelupin, medan dei er buttare og meir omvendt eggforma til omvendt lansettforma hos sandlupin og jærlupin. Hagelupin har beger med heil overleppe, medan jærlupin og sandlupin har beger med utranda og lengre overleppe. Grunnblada er elles friske når hagelupinplantane blømer, medan dei ofte har visna når jærlupin- og sandlupinplantane blømer.

Stengelen hos sandlupin (til venstre) har sprikjande lange hår medan stengelen hos jærlupin (til høgre) har tiltrykte nokså korte hår.

Jærlupin og sandlupin er innbyrdes vanskelegare å skilje, og dette kan dels vere på grunn av hybridisering mellom dei to. Dei to artane er geografisk åtskilte der dei veks som heimlege i Nord-Amerika, og det er ikkje tilsvarande vanskeleg å halde dei frå kvarandre der. Her til lands overlappar dei to artane i utbreiing, særleg på Sørvestlandet, og hybridar får dermed moglegheit til å skipast. Den viktigaste skiljekarakteren er behåring på kjølen i blomen: sandlupin har kjøl som er kanthåra langt ut mot spissen, medan kjølen hos jærlupin er snau eller berre med nokre få hår. Stengelen hos sandlupin skal ha sprikjande hår heilt opp i blomestaden medan stengelen hos jærlupin berre har tiltrykte, nokså korte, hår. Elles er dei oftast synleg ulike når ein ser dei ute; sandlupin har nokså grove og rette stenglar med nokså store blad, jærlupin har mykje grannare stenglar med knekk (sikk-sakk) mellom kvart ledd og mindre, meir sirlege blad. Dette gjer at det er mogeleg å sjå skilnad på dei på langt hald for eit øva syn. Begge artane har blomar som er noko meir spreklete i blått og kvitt enn blomane hos hagelupin (og blomane er aldri raude, rosa eller gule).

Hagelupin kan bli, og blir truleg òg, forveksla med ovanfornemnde russellupin, hagehybriden der hagelupin inngår. Russelllupin har oftast ein noko forgreina stengel i motsetnad til hagelupin og ein eller fleire nokså tette klasar med blå, lilla, rosa, kvite, gul- eller oransjefarga blomar. Innslag av gult og oransje kjem venteleg frå den andre foreldrearten, trelupin.

For sikker namnfesting av hagelupin er det naudsynt med gode bilete av blada. Bilete av blomestand og nærbilete av blomen (som syner kjølen) er òg viktig.

Kjelder

Conterato IF og Schifino-Wittmann MT (2006). New chromosome numbers, meiotic behaviour and pollen fertility in American taxa of Lupinus (Leguminosae): contributions to taxonomic and evolutionary studies. Botanical Journal of the Linnean Society 150: 229–440.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Fremstad E (2000). Fremmede planter i Norge. Flerårige arter av slekten lupin Lupinus L. Blyttia 58: 10–22.

Fremstad E (2007), oppdatert av Fremstad E og Grundt HH 2012. Artsdatabankens faktaark: Hagelupin Lupinus polyphyllos. Faktaark nr. 241. Artsdatabanken.

Fremstad E (2010). NOBANIS – Invasive Alien Species Fact Sheet – Lupinus polyphyllos. www.nobanis.org. Lasta ned 13/09/2022.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266 s.