Parkslirekne er ei fleirårig urt med kraftige røter og jordstenglar. Ho vert 1–3 m høg. Som for slekta elles er stenglane opprette og tjukke, og blada er breitt eggforma og langskafta. Blada hos parkslirekne er breie og lêrfaste, ca. 10 cm lange eller lengre, med tverr eller breitt kileforma grunn. Bladplata har ein nokså lang, påsett spiss og er snau under eller berre med låge vorter på nervane. Blomane sit, som hos dei andre artane i slekta, i toppar i bladhjørna, og blomane er hos parkslirekne kvite og sit på granne greiner. Blomane hos artane i slekta har tre ytre blomeblad som er større enn dei indre. Arten blømer svært seint i sesongen, oftast ikkje før slutten av august eller ute i september. Ein kjenner ikkje til at denne arten set frø i Noreg.

Kjenneteikn

Parkslirekne er ei fleirårig urt med kraftige røter og jordstenglar. Ho vert 1–3 m høg. Som for slekta elles er stenglane opprette og tjukke, og blada er breitt eggforma og langskafta. Blada hos parkslirekne er breie og lêrfaste, ca. 10 cm lange eller lengre, med tverr eller breitt kileforma grunn. Bladplata har ein nokså lang, påsett spiss og er snau under eller berre med låge vorter på nervane. Blomane sit, som hos dei andre artane i slekta, i toppar i bladhjørna, og blomane er hos parkslirekne kvite og sit på granne greiner. Blomane hos artane i slekta har tre ytre blomeblad som er større enn dei indre. Arten blømer svært seint i sesongen, oftast ikkje før slutten av august eller ute i september. Ein kjenner ikkje til at denne arten set frø i Noreg.

Parkslirekne med sin karakteristiske tverre og skarpkanta bladgrunn.

Parkslirekne har blad med tverr grunn og nokså lang påsett spiss.

Parkslirekne med kvite blomar på granne greiner. Som for slekta elles er blomane samla i toppar i bladhjørna.

Bladundersida hos parkslirekne er snau, men med låge vorter på nervane (lite synlege på biletet).

Kromosomtal

Arten er vanlegvis tetra- eller oktoploid med grunntal 11. 2n = 44 88 (66). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Dersom teljingar med ulike kromosomtal kjem frå Europa, kan ikkje alt materialet her høyre til éin klon slik det vert sagt.

Økologi og utbreiing

Parkslirekne er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er forvilla og vart først funnen i norsk natur i 1901. Han er bufast og spreier seg vegetativt i strand- og skogkantar, langsmed vegar og på skrotemark, og han er i rask auke. Parkslirekne er hovudsakleg knytt til nemoral til mellomboreal sone. Arten er nokså vanleg til spreidd på Austlandet inn til Elverum og Ringsaker (Hedmark), Nordre Land (Oppland) og Tinn og Vinje (Telemark), på Sørlandet, Vestlandet og i Trøndelag. Han er meir sjeldsynt i kyststrøk vidare til Andøy (Nordland) og Harstad (Troms) og er òg dokumentert frå Tromsø (Troms) og Hammerfest og Vardø (Finnmark). Arten kjem opphaveleg frå Aust-Asia, det vil seie Japan, Korea og Kina.

Parkslirekne veks typisk langs vegkantar og på skrotemark, men finst òg – som her – i skogkantar.

Kommentarar

Etter sigande vart det rundt 1850 samla ein einskild parkslirekne-plante i Japan av den tyske botanikaren Franz von Siebold (1796–1866). Planten vart transportert til Royal Botanic Gardens i Kew i London og derifrå spreidd til resten av Europa. I ei undersøking i Storbritannia var alle dei undersøkte individa genetisk like, og det vert sagt at alle plantar i Europa kjem frå det same individet som er av hokjøn. I Nord-Amerika vert det derimot sagt at det førekjem seksuell formeiring; plantane her har venteleg ei anna innførselshistorie enn dei europeiske. Funn av meir eller mindre spiredyktige frø kan kanskje òg skuldast hybridisering med til dømes kjempeslirekne Reynoutria sachalinensis eller klatreslirekne Fallopia baldschuanica (tidlegare var alle desse i same slekt – Fallopia).

Forvekslingar

Parkslirekne kan forvekslast med to andre innførte prydplantar i slekta: kjempeslirekne Reynoutria sachalinensis og hybridslirekne Reynoutria ×bohemica. Sistnemnde er hybriden mellom parkslirekne og kjempeslirekne. Parkslirekne skil seg frå desse to ved at bladgrunnen er tverr med skarpe hjørne og at bladplata har ein nokså lang, påsett spiss. Kjempeslirekne har hjarteforma bladgrunn, medan hybridslirekne har ei nokså tverr bladgrunn med avrunda hjørne. Bladplata er kort tilspissa hos hybridslirekne og ikkje tilspissa hos kjempeslirekne. Bladplata er elles snau under eller berre med låge vorter på nervane hos parkslirekne, medan dei to andre artane har hår på nervane: kjempeslirekne har lange, granne og jamtjukke hår, medan hybridslirekne har korte, tappforma hår som er breiast ved grunnen. Blomane hos parkslirekne er elles kvite på granne greiner medan dei er grønkvite på tjukke greiner hos kjempeslirekne.

Parkslirekne er såpass vanskeleg å skilje frå hybridslirekne at om lag all informasjon utan herbariebelegg eller gode nærbilete, er verdlaus. I ei gransking av funndata nokre år tilbake (2017), fann vi at meir enn 80 % av den informasjonen som ligg inne i Artskart for parkslirekne, anten er feil eller utan tilstrekkelege data for sikker namnfesting. Kring 50 % av dei funna førde til parkslirekne, og som er dokumenterte med gode bilete, høyrer til hybridslirekne.

For sikker namnfesting av parkslirekne er det naudsynt med bilete av bladomriss og nærbilete av bladundersida som syner mangelen på hår eller berre dei låge vortene på nervane.

Parkslirekne med sin karakteristiske tverre og skarpkanta bladgrunn.

Blada hos hybridslirekne er ein mellomting mellom foreldra: Bladgrunnen er noko tverr – i alle fall ikkje hjarteforma, men bladhjørna er noko avrunda (ikkje kanta som hos parkslirekne).

Håra på nervane på bladundersida hos hybridslirekne er korte og tappforma.

Bladundersida hos parkslirekne er snau, men med låge vorter på nervane (lite synlege på biletet).

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Forman J og Kesseli RV (2003). Sexual reproduction in the invasive species Fallopia japonica (Polygonaceae). American Journal of Botany 90(4): 586–592.

Fremstad E (2007), oppdatert av Fremstad E og Grundt HH 2012. Artsdatabankens faktaark: Parkslirekne Reynoutria japonica (tidl. Fallopia japonica). Faktaark nr. 246. Artsdatabanken.

Fremstad E og Elven R (1997). Fremmede planter i Norge. De store Fallopia-artene. Blyttia 33: 3–14.

Hollingsworth ML og Bailey JP (2000). Evidence for massive clonal growth in the invasive weed Fallopia japonica (Japanese Knotweed). Botanical Journal of the Linnean Society 133: 463–472.

Taite R. Oxford Plants 400. Plant 292: Reynoutria japonica Houtt. (Polygonaceae). www.herbaria.plants.ox.ac.uk/bol/plants400/Profiles/qr/Reynoutria. Lasta ned 7/10/2022.