Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til glinsesoleieslekta Coptidium

Glinsesoleieslekta Coptidium har berre tre artar, alle heimlege i Noreg: alle på Svalbard og éin av dei i Nord-Noreg. Den eine av dei tre er ein hybridart mellom dei to andre. Artane skil seg i bladform, blomefarge, blomestorleik og i kor nedbøygde begerblada er. Dei er lette å halde frå kvarandre ut frå karakterane som er gjevne i nøkkelen. Ein annan sak er at slekta står nær soleieslekta Ranunculus. Ein systematisk viktig skilnad her er at fruktene har svampvev (som gjer at dei flyt på vatn), men dette er det vanskeleg å sjå. Ein annan viktig skilnad er at dei har ei god honninglukt, noko som inga soleie har, men heller ikkje dette er lett å fastsetje på innsamla og pressa plantar.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.