Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til underartar av soleihov Caltha palustris

Soleihovslekta Caltha har kring 15 artar på verdsbasis, men berre éin i Noreg: soleihov C. palustris med to underartar. Desse skil seg i veksemåte og i kor mykje blomeblada (begerblada) overlappar kvarandre.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.