Kartleggingssystemet Natur i Norge (NiN) blir vidareutvikla for å ta i bruk ny økologisk viten om naturvariasjonen. I haust har tida kome til å ta ein grundig gjennomgang av korleis NiN fungerer i dei nordlegaste områda våre.

"Tuemark" på Kiberg utanfor Vardø. Det blei drøfta kva slags mekanismer som gjer at tuemark vert danna - frostprosessar er heilt klart ein viktig føresetnad.

Natur i Norge, Artsdatabankens sitt system for å typeinndele og beskriva naturvariasjon, har vore i bruk til kartlegging av natur i mange år. Gjennom denne perioden er det hausta mykje erfaring med systemet i praktisk bruk, samstundes som det er oppdaga moglegheiter for forbetring.

I 2018 blei det starta ein prosess for å vidareutvikle NiN fram mot neste versjon 3.0, for å rette opp påviste svakheiter òg ta i bruk kunnskap frå ny forsking på naturvariasjon og økologi. Arbeidet skal etter planen vere ferdig innan utgangen av 2022.

Vitskapleg råd for Natur i Norge

Arbeidet med å vidareutvikle systemet er fagleg forankra i Vitskapeleg råd for Natur i Norge. Rådet, som er oppnemnd av Artsdatabanken, består av personar med høg fagleg kompetanse på norsk naturvariasjon og økologi.

Rådet vurderer forslag til endringar i prinsippa, typeinndelingar og beskrivelsessystem i NiN. Forslaga har kome som ei følgje av ny forsking på feltet naturvariasjon og økologi, og fordi det gjennom bruk av systemet er påvist potensial for forbetring.

Tematiske ekspertgrupper

For å kunne jobbe mest mogeleg effektivt med å forbetre Natur i Norge, er det etablert eigne ekspertgrupper for ferskvatn, hav, seminaturleg natur og arktisk natur. Ekspertgruppene sin hovudoppgåve er å vidareutvikle systemet innanfor kvar sitt felt.

Jobben har starta i nord

Rune Halvorsen frå Naturhistorisk museum, UiO, jobbar med å settje opp ei artsliste. Rune leier det vitskaplege arbeidet med å vidareutvikle NiN-systemet.

Bruken av Natur i Norge i Finnmark og på Svalbard har avdekt at systemet si inndeling av naturvariasjon i desse områda ikkje samsvar så godt som ein kunne ønskje med den faktiske naturvariasjonen. 

– Då den arktiske ekspertgruppa nyleg var i Finnmark for å sjå nærare på denne problemstillinga, blei både Varangerhalvøya og Norkinnhalvøya gåtte nøye etter i saumane, seier professor Rune Halvorsen ved Naturhistorisk museum, UiO. Ved sida av å vere leiar for Vitskapleg råd for NIN er han òg leiar for den arktiske ekspertgruppa.

– Det blei mange gode og nyttige diskusjonar gjennom desse dagane. Det blei sett på variasjon i naturen frå sør mot nord, og frå hav mot fjell.

– Me fokuserte spesielt på det trelause beltet langs kysten ut mot Barentshavet, og på overgangen mellom skogsmark og fjell i Finnmark, seier Halvorsen, og held fram:

–  Det blei vurdert om det finst eit arktisk belte, "busktundrabeltet", i Aust-Finnmark, eller om heile Fastlands-Noreg skal sjåast på som borealt og alpint. I så fall vil omgrepet "arktisk" berre bli brukt på Svalbard, i det nordlege Russland, på Grønland, i Alaska og Canada, seier Halvorsen.

Halvorsen trekkjer også fram gode diskusjonar om myr og seminaturleg natur i Finnmark som eit nyttig resultat av synfaringa.

– Me fekk drøfta typar av torvmark, korleis frost- og isprosessar påverkar myrene og sett på korleis historisk bruk av utmarka til reindrift og sauehald har prega naturen, avsluttar Rune Halvorsen. 

Vegen vidare i nord

Diskusjonen om mogelege endringar i Natur i Norge for dei nordlege delane av Fastlands-Noreg blei dokumenterte med artslister og bilete. Observasjonane i Finnmark utgjer eit godt utgangspunkt for å diskutere forholda på Svalbard. Den arktiske ekspertgruppa vil gjere ein tilsvarande tur til Svalbard sommaren 2021.

Ei endeleg vurdering av foreslåtte endringar i NiN for dei nordlege områda vil bli diskutert i Vitskapeleg råd, og deretter bli ein del av den reviderte og forbetra Natur i Norge-versjonen som vert lansert etter 2022.