Ein fersk vitskapleg artikkel beskriv no Natur i Norge-systemet, og prinsippa for å skape liknande system for andre land og også globalt.

Natur i Norge  (NiN) er samfunnet sitt felles verktøy for å karakterisere natur, og eit felles omgrepsapparat for alle norske fagmiljø og institusjonar som jobbar med natur. Systemet, som handterer naturvariasjon på alle skalaer, er utvikla av forskarar frå Naturhistorisk museum, UiO, i samarbeid med andre vitskaplege miljø, på bestilling frå Artsdatabanken.

Når Natur i Norge  no vert publisert i eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift er det fordi det fagleg arbeidet som ligg til grun for systemet har ein vitskapleg verdi. Artikkelen er ope tilgjengeleg i tidsskriftet Global Ecology and Biogeography. Forfattarane er Rune Halvorsen (NHM), Olav Skarpaas (NINA), Anders Bryn (NHM), Harald Bratli (NHM), Lars Erikstad (NINA), Trond Simensen og Eva Lieungh (NHM).

Ny systematikk for naturtypar?

Carl von Linné vert rekna som oppfinnaren bak dei moderne prinsippa for systematisk inndeling av artar i slekter, familiar og så bortetter. Prinsippa bak NiN kan vera eit steg på vegen mot ei liknande systematisk inndeling av naturtypar.
Forfattarane av artikkelen summerer dei vitskaplege prinsippa, rammeverket og typeinndelingane som ligg til grunn for Natur i Norge. Dei viser óg korleis natur kan systematiserast på ein etterretteleg måte ved hjelp av dette systemet – mellom anna på økosystem- og landskapsnivå. Å bruke eit slikt system kan bidra til å auke presisjonen og truverda i arbeidet med å kartleggje og ta vare på naturmangfald.

Internasjonal kunnskap

Forfattarane meiner at det vitskaplege rammeverket som vert presentert i artikkelen, opnar for at andre land kan laga eigne, parallelle system for å karakterisere sin eigen naturvariasjon. Det norske arbeidet vert brukt som eksempel. Forfattarane skisserer vidare ein veg mot ein universell systematikk for naturmangfald, som kan leggje grunnlag for globale typeinndelingar av natur.

Artikkelen inneheld engelsk utgåve av mellom anna naturtypenamn, landskapstypenamn og namn på variablar for variasjon. Oppsummeringa og omsetjinga av NiN til engelsk vil kunne opne dører for fleire internasjonale publikasjonar, og det kan gje nordmenn eit verktøy for å snakke om norsk naturvariasjon i utlandet.

Denne nyhendesaka er laga av Artsdatabanken og Naturhistorisk Museum.