Gjennom Artsprosjektet skal Artsdatabanken stimulere til å styrkje faglege nettverk, og auke kompetansen på dårleg kjende artsgrupper. Me tek no imot søknader om tilskot til dette.

 

Artsprosjektet er eit viktig bidrag til arbeidet med å betre kunnskapen og kompetansen om artar i norsk natur. Tiltak for å betre faglege nettverk, som workshops, seminar og konferansar, gjer at forskarar frå inn- og utland, studentar og amatørar kan møtast og utveksle kunnskap og kompetanse om artar, og etablere gode samarbeidsrelasjonar. Artsdatabanken opnar no for at det kan søkjast om tilskot til slike tiltak.

Viktige kriterium for vurderinga av søknader er fagleg kvalitet, i kva grad tiltaket lar seg gjennomføre og relevans jamfør utlysinga.

Total budsjettramme for utlysinga er kr 500 000, og maksimal støttesum per søknad er kr 100 000. Aktivitet kan tidlegast starte 20. mai 2020. Tiltaket må gjennomførast seinast innan eitt år etter at tilskotet er løyvt.

Søknadsfristen er 26. mars 2020 kl. 13:00. Søknader som blir mottekne etter at fristen har gått ut vil ikkje bli vurdert. Søknader vil vere ferdig behandla av Artsdatabanken innan 7.mai 2020.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfristen er utløpt.

Kontaktpersonar

Stine Svalheim Markussen

Telefon: 47 75 37 14
E-post: stine.markussen@artsdatabanken.no

Hauk Liebe

Telefon: 48 24 17 56
E-post: hauk.liebe@artsdatabanken.no