Jomfrugrøn er ein eittårig plante som er innført og dyrka som prydplante, og då som sommarblome. Arten kjem opphaveleg frå Middelhavsområdet og aust til Iran og er funnen forvilla nokre få stader i Sør-Noreg, først og framst i Vestfold.

Kjenneteikn

Jomfrugrøn med sine særprega findelte blad med trådforma flikar.

Jomfrugrøn har findelte sveipblad rett under blomen og omsluttar kapselen saman med griflane.

Jomfrugrøn er ei 10–40 cm høg, eittårig urt med opprett stengel. Blada er 1–3 gonger findelte med trådforma flikar. Rett under blomen sit det findelte sveipblad. Dei fem begerblada er petaloide (kronbladliknande) og oftast blå med grøne spissar, men kan òg vere kvite eller rosa. Dei fem kronblada er mykje mindre. Dei 2–6 fruktblada er vaksne saman til ein kapsel med lange, rette griflar som heng på til frukta er mogen.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 6. 2n = 12. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Jomfrugrøn er innført som prydplante og med ballast og vart først funnen som forvilla i 1902 på ballastjord. Arten er ikkje bufast, men er funnen forvilla fleire stader i Vestfold, og elles få stader i Oslo, Hedmark, Buskerud, Aust- og Vest-Agder, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Han er heimleg i Middelhavsområdet.

Forvekslingar

Jomfrugrøn har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Jomfrugrøn Nigella damascena L. www.artsdatabanken.no/Pages/286509. Lasta ned <dag/månad/år>.