Frøvårkål er ein nokså lågvaksen, heimleg plante som truleg er nokså vanleg på Vestlandet. Han set godt pollen og frukt i motsetnad til knoppvårkål, den andre underarten av vårkål.

Kjenneteikn

Frøvårkål er ei fleirårig urt som vert om lag 10–30 cm høg. Planten har vanlege røter i tillegg til eit knippe kvite eller grå klubberøter. Stenglane er liggjande til oppstigande. Blada er snaue og kjøtfulle, nyreforma i omriss og rundtanna i kanten, utan yngleknoppar i bladhjørne. Blomane er nokså store, oftast (2–3 cm breie, med 7–12 djupt gule og oftast tydeleg overlappande kronblad og tre begerblad. Underarten set godt pollen og frukt. Planten gulnar og visnar tidleg.

Kromosomtal

Underarten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Frøvårkål veks i leirete eng, på beitemark og i oreskog, edellauvskog og bekkekantar.

Underarten er nokså hyppig i boreonemoral sone på Sørvestlandet i Rogaland frå Sogndal til Karmøy og Utsira og er òg funnen i Bømlo (Hordaland) og Selje (Sogn og Fjordane). Underarten er truleg underrapportert frå resten av Vestlandet. Frøvårkål er utbreidd i Vest-Europa sør til Frankrike, og dei næraste lokalitetane er i Nord-Jylland og Skottland.

Forvekslingar

Frøvårkål kan verte forveksla med den andre underarten, knoppvårkål subsp. ficaria, men knoppvårkål utviklar alltid yngleknoppar i bladhjørne og set ikkje godt pollen eller frukt, medan frøvårkål manglar yngleknoppar og set godt pollen og frukt. Hos knoppvårkål er kronblada oftast 6–10 mm lange og 2–5 mm breie og overlappar lite eller ikkje, medan hos frøvårkål er dei oftast 10–20 mm lange og 4–9 mm breie og overlappar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Lægaard S (2001). Ranunculus ficaria L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 230–231.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Frøvårkål Ficaria verna subsp. fertilis (A.R.Clapham ex Lægaard) Stace. www.artsdatabanken.no/Pages/286399. Lasta ned <dag/månad/år>.