Artsdatabanken og NorBOL fortset samarbeidet om DNA-strekkoding av artar i to nye år

Nettverket Norwegian Barcode of Life (NorBOL) er eit nasjonalt samarbeid som i 2019 omfattar 16 forskingsinstitusjonar, og som blir koordinert av NTNU Vitskapsmuseet. NorBOL har som mål å vidareutvikle arbeidet med DNA-strekkoding av artar i Noreg gjennom å koordinere det nasjonale strekkode-arbeidet og byggje opp kompetanse.

NorBOL er ein regional node i det internasjonale samarbeidsprosjektet iBOL (International Barcode of Life) som jobbar med å byggje opp ein kvalitetssikra database med DNA-strekkodar for alle artar i verda, eit såkalla referansebibliotek.

Artsprosjektet til Artsdatabanken, etablert i 2009 av Klima- og miljødepartementet, skal sikre ei langsiktig oppbygging av kunnskapen om artar i Noreg. Eit viktig delmål er derfor å fremje DNA-strekkoding av norske artar, då dette kan effektivisere arbeidet for å betre artskunnskapen.

Samarbeid gjennom 10 år

Artsprosjektet og NorBOL har hatt eit nært samarbeid sidan 2009, og dei to neste åra er det sett av 2 millionar NOK for å sørgje for at dårleg kjende artsgrupper som blir kartlagde gjennom Artsprosjektet får DNA-strekkodar.

Gjennom kartlegginga i Artsprosjektet blir ei stor mengd innsamla dyr, sopp og planter bestemt til art av spesialistar. NorBOL vil på si side gi råd og teknisk assistanse til prøvetaking, fotografering, innsending av prøvar og opplasting av data til den internasjonalen databasen for strekkodar, Barcode of Life Data Systems (BOLD). BOLD blir brukt av forskarar og andre over heile verda, og inkluderer no rundt 25 000 strekkodar (ca. 6 500 artar) frå Artsprosjektet.

Kontaktperson:

Stine Svalheim Markussen, Artsdatabanken
Telefon: 477 53 714
​E-post: stine.markussen@artsdatabanken.no