Kvar sjette dyreart i verda kan vere ein gallmygg, men i Noreg kjenner me så langt berre til 147 artar frå denne familien. Ved å plukke blomster og studere kjønnsorgan skal dette talet no aukas betrakteleg.

Hallvard Elven på Naturhistorisk museum i Oslo, og samarbeidspartnarane hans, har akkurat avslutta fyrste feltsesong i kartleggingsprosjektet «Phytofagous gall midges, a megadiverse but overlooked group of flies». Prosjektet, som er støtta av Artsprosjektet, har allereie gode resultat å vise til.

Ein gallmygg av arten Contarinia solani sit på blomen til slyngsøtvier (Solanum dulcamara). Likskapen i dei latinske namna tyder på at denne gallmyggen er knytt til Solanum-slekta.

Knøttsmå men allstadnærverande

Dersom du er ute på tur og plukkar deg ein blomsterbukett, er sjansen stor for at du samstundes har plukka deg nokre gallmygg. Dei knøttsmå artane i denne familien legg nemleg egg i ulike planter, og larvene deira utviklar seg som parasittar inne i planta. Elven fortel at dei har funne gallmygg i nesten halvparten av planteartane dei har undersøkt, og fleire gonger i plantar dei ikkje hadde forventa skulle innehalde slike dyr.

Ein gall kan vere så mangt

Simon Haarder, Zoya Fedotova og Aleksandra Kaplina i felt i Porsgrunn, der dei ser etter gallar på ein gyvel. Dette er ei av plantene der dei forventar å finne ein ny art for Noreg.

Gallmygg er ein stor insektfamilie i ordenen tovingar. I denne ordenen finn me óg fluger og stikkemygg. Ein del gallmyggartar legg egg i sopp, men det er artane som lever på plantar (dei fytofage artane) prosjektet til Elven fokuserer på. Dei fleste gallmygg påverkar planta til å gro ei misdanning - ein gall - som larven kan leve trygt inni. Dei fleste artane er knytte til berre ein eller nokre få planteartar.

– Gallar kjem i alle fargar og fasongar, og ofte er det vanskeleg å vite at det er ein gall du har funne. Nokre er raude klumpar på blad, andre kan vere berre ein liten brett på ein bladkant, som larven kan liggje inni, seier Hallvard Elven. 

Ei kjede av snylting

Nokre gallmyggar snyltar på andre artar sine gallar.

– På asketre lever ein midd som lagar gallar på stilkane til hoblomane. Men midden får ikkje vere i fred der, for gallmyggarten Arthrocnodax fraxinellus legg egga sine inni middane sine gallar i staden for å lage eigne gallar. Som larve lever A. fraxinellus som rovdyr på middane, fortel Hallvard, og fortset:

– Men gleda kan vere kortvarig for gallmyggen. Ikkje mindre enn to artar snylteveps brukar A. fraxinellus som vert, og legg egga sine inni larvene til denne arten.

Myggklekkeriet

I denne plastkoppen med planta reinfann og litt jord, har det klekt mange gallmygg.

Elven sit på Naturhistorisk museum, og golvet og hyllene på kontoret hans er fulle av runde plastboksar med planterestar og jord. Når me går inn døra tråkkar me bokstavleg talt rett inn i prosjektet hans.

– Her er noko av materialet me har samla i sommar seier Elven, og held opp ein boks med jord og visne planter.

– I denne boksen håper eg det skal klekke masse gallmygg. Ettersom gallmyggane lever veldig kort tid som vaksne individ, er dei enklast å få tak i ved å samle inn planter med larver i, som klekkjer under kontrollerte forhold innandørs slik at ein får fram vaksne individ.

Håpet er at det klekker mange hannmygg, for dei har meir detaljar på kjønnsorgana enn homyggane, og er derfor lettare å artsbestemma.

Ut på plantejakt

Ove Sørlibråten, Zoya Fedotova, Arne Fjellberg og Simon Haarder ser etter gallar på forskjellige planter i Færder kommune. Vaksne mygg blir fanga med håv, mens larvene ligg inne i galla og blir med når planta blir plukka.

For å finne gallmyggartar som er nye for Noreg går prosjektdeltakarane systematisk til verks. Fyrst leitar dei i litteraturen fram artar som tidlegare er funne i Sverige og Danmark, men ikkje i Noreg. Deretter oppsøkjer dei vertsplantene for desse artane i Noreg, og ser etter gallar av dei ettersøkte gallmyggartane. Ofte er gallane usynlege, og då må ein berre samle inn ein god bukett av planta og håpe at den innheld larver.

Prosjektet har hatt god hjelp frå to utanlandske samarbeidspartnarar, Zoya Fedotova frå Russland og Simon Haarder frå Danmark. Begge var i Noreg i juni for å ta del i feltarbeidet og dele av si erfaring med innsamling og klekking av gallmygg. Særleg Fedotovas erfaring med klekking av myggane har vore gull verdt.

- Me har gjort mykje av innsamlinga i områda rundt Oslofjorden, fortel Hallvard. Her er det spesielle, naturtypar med varmekjære artar, og desse naturtypane er under eit konstant utbyggingspress. Det er derfor viktig å få meir kunnskap om artsmangfaldet her.

Meir enn 10 000 artar?

Elven seier at metodane er effektive, og har gitt gode resultat. Heilt sikker kan han ikkje vere, men trur allereie dei har funne over 30 artar som er nye for Noreg. Før prosjektslutt i 2021 forventar Elven at dei skal finne mange fleire artar. Han viser til ein kanadisk studie som syner at det kan finnast over 19 000 ukjente artar gallmygg i Canada. Sjølv om det nok ikkje blir riktig så mange artar på oss, kan me forvente oss mykje gallmyggmoro framover. Han har blant anna planar om å arrangere ein gallworkshop, så det er berre å følgje med!

Les meir om «Phytofagous gall midges» og andre prosjekt som kartlegg artar