På denne sida finn du korte tekstar og bilete av eit utval naturtypar som er raudlista i 2018. Du finn også informasjon om korleis bileta kan brukast.

.

Bre

Alle brear i Fastlands-Noreg er vurderte som «sårbare» på grunn av klimaendringar.

«Breformers utbredelse avhenger først og fremst av klimaet. Studier viser at breer på fastlandet jevnt over har krympet betraktelig de siste 50 år, og at utviklingen vil akselerere i de neste 50 år, gitt de siste estimatene for fremtidens klima», skriv ekspertane som har raudlistevurdert breane.

Ekspertane meiner at klimaendringane også vil føre til reduksjon i brearealet på Svalbard, men endringane vil bli mykje mindre omfattande der enn på fastlandet dei neste 50 åra.

Det fyrste biletet er av Gjuvbreen ved Gjuvvatnet, Bøverdal i Lom, Oppland.

Det andre er av Bøyabreen i Fjærland.

Snøleie

 

Ekspertane forventar at klimaendringar vil få stor betyding for naturtypen snøleie. I eit snøleie blir snøen liggjande lenge utover sommaren. Dette gjev ein kort vekstsesong og nesten kontinuerleg tilførsel av smeltevatn. Eit varmare klima vil føre til ein lengre vekstsesong og tørrare snøleie, og dermed endrar dei karakter. Snøleia blir vurderte som «sårbare».

«Snøleier regnes som den mest utsatte naturtypen for klimaendringer i fjellet da de inneholder spesialiserte arter som er helt avhengige av snødekkets varighet», skriv ekspertane.

Når snødekket blir redusert, vil dei spesialiserte artane få vanskelegare leveforhold. Over tid vil dei då bli erstatta av andre artar.

Biletet er av eit snøleie i Oppdal i Trøndelag.

Olivinskog

Olivinskog er ein sjeldan type furuskog som finst i små, få og spreidde område. Olivinskog veks i skogbotn med olivinstein, som inneheld mineralet olivin. Dette blir vunne ut aktivt gjennom bergverksverksemd. Ekspertane skriv at eit par, og til dels større lokalitetar av olivinskog, har gått tapt på grunn av bergverk. Utvinning av olivin blir også forventa å påverke denne naturtypen vesentleg i åra framover. I tillegg blir skogbruk forventa å påverke tilstanden i olivinskog som finst på produktiv mark, både gjennom flatehogst og eventuell etablering av gran. Naturtypen blir vurdert som «sterkt truga».

Biletet er av olivinfuruskog i Bjørkedalen, Møre og Romsdal.

Varme kjelder på Svalbard

Varme kjelder er kjende frå tre lokalitetar på Svalbard og er «kritisk truga». Kjeldene har eit lite areal og ekspertane meiner at dei framleis blir forringa. Dei blir skadde av at besøkande badar og tråkkar i dei.

Fosse-eng

Vassprut frå fossar kan danne fosse-enger på jorddekt mark i fossesprøytsonen. Desse kan gå tapte dersom arealet blir beslaglagt, eller dersom intensiteten i vasspruten blir vesentleg redusert slik at engene gradvis gror igjen. Vasskraftutbygginga dei siste 50 åra har både redusert vasspruten til fosse-enger og beslaglagt areal. Ekspertane antek at utbygginga av ny vasskraft vil reduserast dei neste 50 åra, men flaumsikring på grunn av klimaendringar er eit tvilsmoment som kan påverke tilstanden også i verna vassdrag. Fosse-enger blir vurderte som «sårbare».

Biletet er frå Vestisfossen i Årdal.

Korallrev

Korallrev finst over store delar av verda, men ingen andre stader er det registrert så mange rev som i Noreg. Sularevet ved øya Sula utanfor Trøndelag er det største kaldtvatnskorallrevet i verda. Korallrev er vurderte til «nær truga» i Raudlista.

Ekspertane skriv at mellom 30 og 50 prosent av alle rev utanfor Norskekysten er skadde av botntråling i større eller mindre grad. Med ein framleis stor tråleaktivitet kan fleire rev forsvinne heilt, slik det for eksempel er observert i fleire område utanfor Midt-Noreg. Fleire rev er også verna, men skade på korallrev som enda ikkje er oppdaga må framleis reknast med. Samla sett er det anslått at arealet har blitt redusert med mindre enn 20 prosent dei siste 50 åra.

Jordpyramide

Jordpyramidar er ei søyleforma landform som består av hardpakka morenemateriale, og som blir danna under veldig spesielle forhold. Dei einaste kjende jordpyramidane i Nord-Europa finst i Noreg, i hovudsak i Sel i Guldbrandsdalen (Kvitskruiprestane), men også i Skåbu og Dovre.

I Sel står jordpyramidane i ei bratt skråning. Fleire av dei har falle i seinare tid, og det blir ikkje danna nye fordi all morenesanda er vaska ut og fordi skråninga i hovudsak står i rasvinkel. Derfor reknar ekspertane det som sannsynleg at jordpyramidane i Sel vil ha falle innan 50 år. I Skåbu og Dovre er ikkje pyramidane så velutvikla, men dei vil truleg ha ei levetid som er noko lenger. Naturtypen blir vurdert som «kritisk truga».