Semi-naturlig

Dei semi-naturlige naturtypane Boreal hei og Semi-naturlig eng er vurdert som sårbar VU, mens Kystlynghei og Semi-naturlig strandeng er vurdert som sterkt trua EN. Strandeng er vurdert som sårbar VU. Slåttemark er vurdert som kritisk trua CR fordi arealet av denne naturtypen har gått kraftig tilbake siste femti år. Semi-naturlige naturtypar er avhengige av riktig skjøtsel for å oppretthalde artsmangfaldet og økologiske funksjonar, og den dominerande påverkingsfaktoren for alle dei vurderte naturtypane er endringar i jordbruket og mangel på skjøtsel som er nødvendig for å oppretthalde naturtypane. 

Forklaring på forkortelsene
Semi-naturlige naturtypar er forma gjennom skjøtsel over lang tid, og er avhengige av skjøtsel for å oppretthalde artssamansettinga og dei økologiske funksjonane som er typiske for desse naturtypane. Slike naturtypar er viktige for det biologiske mangfaldet i  jordbrukslandskapet, men finst òg i urbane miljø, i heilandskapet langs kysten, i fjellet og i anna utmark.

Beskrivelse av semi-naturlige naturtypar

Semi-naturlige naturtypar er forma av langvarig, ekstensiv hevd som beite, slått eller lyngbrenning. Områda kan også vere rydda for stein og skog, men jordsmonn og vegetasjon er lite påverka av regelmessig pløying eller endra ved bruk av plantevernmidlar, kunstgjødsel eller innsåing av nye artar. Eit spesielt trekk ved det norske landskapet er den omfattande historiske bruken av utmark til beiting og hausting av fôr (Almås et al. 2004). Semi-naturlige naturtypar finst derfor òg for eksempel i heilandskap langs kysten, i skog og i tilknyting til stølslandskapet i fjellet. 

Ekstensiv skjøtsel er nødvendig for at artssamansettinga og dei økologiske funksjonane som er typiske for naturtypane, ikkje skal gå tapt som følgje av suksesjon og etablering av skog. Både mangel på skjøtsel og for svak skjøtsel, for eksempel for svakt beitetrykk, er derfor viktige truslar mot desse naturtypane. Intensivering av jordbruket med oppdyrking, tilsåing, bruk av plantevernmidlar eller gjødsling med kunstgjødsel eller større mengder husdyrgjødsel er ein annan trussel. Endringar i miljøet på stor skala som for eksempel endringar i klima, luftforureining og etablering av framande artar, er og potensielle truslar mot semi-naturlige naturtypar. I løpet av dei siste femti åra er det likevel  mangel på skjøtsel og intensivering av jordbruksdrift som har hatt størst betydning for tapet av semi-naturlige naturtypar i Norge. 

Vurderte naturtypar

Det er fem vurderingseiningar for semi-naturlige naturtypar: Boreal hei T31, Semi-naturlig eng T32, Slåttemark T32, Semi-naturlig strandeng T33 og Kystlynghei T34. . I tillegg er Strandeng T12 vurderingseining sjølv om det ikkje er ein semi-naturlig naturtype, blant anna fordi det er overlapp i datagrunnlag og påverkingsfaktorar mellom semi-naturlig strandeng og strandeng. Vurderingseiningane er hovudtypar definert etter NiN 2.0 med unntak av slåttemark som er semi-naturlig eng med slåttemarkspreg (SP-a) som kjelde til variasjon. Slåttemark er skilt ut som vurderingseining fordi den viktigaste påverknadsfaktoren er bortfall av slått. Slåttemark skil seg slik frå hovudtypen semi-naturlig eng der bortfall av både beite og slått kan vere viktige påverknadsfaktorar. I tillegg er slåttemark vurdert å ha ein høgare rødlistekategori enn semi-naturlig eng. 

Rødlista naturtypar

Alle dei fem semi-naturlige typane er vurdert som trua: Slåttemark er vurdert som kritisk trua CR på grunn av ein stor reduksjon i arealet i løpet av den siste 50-årsperioden. Ekspertgruppa si vurdering er at over 80 % av arealet med slåttemark i dag har fått ein kraftig reduksjon i tilstand i løpet av dei siste femti åra, vurdert opp mot tilstanden i slåttemark med tradisjonell skjøtsel. Mangel på skjøtsel eller einsidig skjøtsel i form av beiting er den viktigaste årsaka til redusert tilstand i slåttemark.  Nedgang i areal, kombinert med endringar i biotiske prosessar og interaksjonar, er òg årsaka til at Semi-naturlig strandeng er vurdert som sterkt trua EN, og at Boreal hei og Semi-naturlig eng er vurdert som sårbar VU. Kystlynghei er vurdert til sterkt trua EN fordi minst 80 % av totalarealet er forringa og reduksjon i tilstand  på grunn av biotiske endringar er vurdert å vere over 50 %. 

Påverknadsfaktorar

I løpet av den femtiårsperioden som ligg til grunn for rødlistevurderingane, har jordbruket og jordbrukslandskapet i Europa og Norge gjennomgått store endringar. Overgang frå tradisjonelle og ekstensive driftsmetodar i jordbruket til meir intensiv og effektiv drift begynte allereie rundt 1900, men endringane akselererte frå 1950 og framover (Emanuelsson 2009, Stoate et al. 2009). Intensivering av arealbruken førte til at arealet av semi-naturlige naturtypar gjekk tilbake som følgje av oppdyrking og gjødsling (Aune et al. 2009). I tillegg førte meir effektiv jordbruksproduksjon til at ein del mindre produktive areal gjekk ut av drift eller i mindre grad vart beita av husdyr. Semi-naturlige naturtypar har derfor gått tapt eller har redusert tilstand som følgje av manglande eller for svak skjøtsel. I utmarka fører gjengroing med skog til at store areal av kystlynghei, boreal hei og semi-naturlig eng er gått tapt, eller sannsynlegvis vil gå tapt dei neste femti åra.  

Endringane i bruken av stølslandskapet bør nemnast spesielt, då dette har stor innverknad på naturtypen boreal hei. Denne naturtypen finst i heile landet, men i Sør-Norge er han spesielt knytt til stølsområda i fjellet. Boreal hei er ein open naturtype utan tresjikt som er dominert av dvergbusker og lyng1, og er avhengig av husdyrbeiting og rydding eller vedhogst for ikkje å gro igjen. I områda rundt stølane vart det ofte tatt ut store mengder ved som vart brukt i stølsdrifta. Den tradisjonelle stølsdrifta har gått tilbake i alle fall frå 1900 og framover (Reinton 1955, Stensgaard 2017), men det har tatt tid før verknaden av dette er tydeleg i landskapet i form av vegetasjonsendringar og gjengroing med skog. I dag er store delar av boreal hei ikkje lengre ein integrert del av jordbruksdrifta, og i ferd med å gro igjen på grunn av lavt beitetrykk og mangel på rydding og vedhogst. 

Eit varmare klima vil bidra til å akselerere gjengroingsprosessen i alle semi-naturlige naturtypar der skjøtselen har tatt slutt eller er for svak. I tillegg kan eit varmare klima gi framande artar betre moglegheit til å etablere seg lenger nord og lenger opp mot fjellet (Forsgren et al. 2015). Semi-naturlige naturtypar er spesielt utsette for etablering av framande artar (Eriksson et al. 2006, Jauni & Hyvönen 2012), spesielt i låglandet i deler av Sør-Norge (Daugstad et al 2018). Etablering av framande artar påverkar konkurranseforholda og dermed òg artssamansetting, for eksempel ved at konkurransesterke og raskt veksande framande artar utkonkurrerer lyskrevjande artar som er typiske for naturtypane (Didham et al. 2007). Framande patogene organismar som angrip lauvtre som ask og alm, kan vere ein trussel mot tresette utformingar av semi-naturlig slåtte- og beitemark (dvs. lauveng og hagemark).

Eit typisk trekk ved semi-naturlige naturtypar er at tilførsel av næringsstoff, i første rekke nitrogen, ofte fører til raske endringar i artssamansetninga. Tilførsel av næringsstoff gjennom luftforureining kan derfor ha relativt store konsekvensar i desse naturtypane (Aarrestad & Stabbetorp 2010; Stevens et al. 2010; 2011). Berekningar utført av Austnes og kollegaer (2018) viser at 20 % av landarealet i Norge i perioden 2012-2016 hadde avsetning av atmosfærisk nitrogen over den definerte tålegrensa. Atmosfærisk nitrogen er spesielt eit problem langs kysten av Sør-Norge i områda der ein finn strandeng, semi-naturlig strandeng og kystlynghei. Arealet med nitrogenforureining over tålegrensa har gått ned frå 30 til 20 % i perioden 1978-2016. Kystlynghei, kalkfattig eng, og til ein viss grad intermediær eng, vil vere særleg utsett for påverknad gjennom luftforureining  (Aarrestad & Stabbetorp 2010).

Nedbygging og bruk av arealet til andre formal enn landbruk, slik som eksempelvis bustad- og industriområde, hyttefelt og vegbygging, er også en trussel i enkelte områder. Nedbygging og andre arealinngrep er ein spesielt viktig påvirkingfaktor for strandeng og semi-naturlig strandeng (Evju et al. 2015).  

1Kalkrike utformingar kan ha eit større innslag av engartar.

Kunnskapsgrunnlag

I Norge har vi ikkje presis arealinformasjon for dei semi-naturlige naturtypane som er vurdert her, og vi har heller ingen heildekkande kartlegging eller arealrepresentativ overvaking som kan gi grunnlag for å estimere areal, endringar i areal, skjøtsel- eller gjengroingstilstand. Vurderingane er derfor basert på anna tilgjengeleg informasjon som data frå naturtypekartlegging, Naturbase, tilstandsindikatorar i Naturindeks for Norge, historiske landbruksstatistikk og resultat presentert i vitskaplege artiklar i tillegg til ekspertvurderingar. I vurderinga av påverkingsfaktorar har vi støtta oss på publiserte studiar i første rekke frå Norge, men vi har òg trekt inn resultat frå naboland i Norden der det er relevant. 

NiN-klarlegging i regi av Miljødirektoratet i perioden 2014-2017 gir nyttig informasjon om gjengroingstilstand for fleire av naturtypane, og er derfor ein del av datagrunnlag i vurderingane. Informasjon frå naturtypekartlegginga er brukt med varsemd blant anna fordi naturtypekartlegginga ikkje er lagt opp for å sikre arealrepresentative data og områda som er kartlagt ikkje er tilfeldig utvalde. Vurderingane av tilstand for naturtypane er forsøkt relatert til  relevante variablar i beskrivelsessystemet i NiN 2.0. Variablane med relevans for vurderingane, er i første rekke rask gjenvekstsuksesjon i semi-naturlig jordbruksmark (7RA-SJ), den tilsvarande variabelen for å beskrive suksesjonstrinn i boreal hei (7RA-BH), busksjiktsdekning (1AG-B) og total tresjiktsdekning (1AG-A-0) og aktuell bruksintensitet (7JB-BA).

Naturindeks for Norge inneheld to tilstandsindikatorar for semi-naturlig eng og kystlynghei (Johansen et al. 2014).Tilstandsindikatorane i Naturindeks viser ein vesentleg reduksjon i tilstand frå 1950 og fram til i dag. For slåttemark er data og erfaringar frå arbeidet med Handlingsplan for slåttemark ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget. For slåttemark er òg data frå dei offisielle landbruksteljingane frå 1907 og framover brukt for å gi eit grovt estimat på utviklinga i  arealet med slåttemark. Basert på landbruksteljingane og informasjon frå Handlingsplan for slåttemark, vurderer vi det som sannsynlege at arealet med slåttemark som har skjøtsel i form av slått i dag, er mindre enn 1 % av arealet med slåttemark for femti år sidan. Arealet som kan klassifiserast som slåttemark vil vere større enn arealet som har skjøtsel i dag, men det er likevel sannsynleg at over 80 % av arealet med slåttemark er tapt i løpet av den siste femtiårsperioden.

I vurderinga av boreal hei har vi brukt informasjon om utviklinga i stølsbruken og beiting i stølslandskapet. Denne informasjonen er både statistikk som viser utviklinga i stølsbruken (Stensgaard 2017), og publiserte resultat frå ei lange rekke forskingsprosjekt der landskaps- og vegetasjonsendringar i stølslandskapet er studert (for eksempel Olsson et al. 2000, Wehn et al. 2012, Wehn & Johansen 2015).

Informasjon frå Naturbase er brukt for å få ei grov oversikt over den geografiske utbreiinga til naturtypane. 

Endring i arealet slåttemark i dei offisielle landbruksteljingane i perioden 1907 til 1969 samanlikna med estimert areal slåttemark som inngår i Handlingsplan for slåttemark i 2018

Referanser

Aune, S., Bryn, A. and K.A. Hovstad. 2018. Loss of semi-natural grassland in a boreal landscape: impacts of agricultural intensification and abandonment. Journal of Land Use Science 13: 375-390.

Bratli, H., M. Evju, J. B. Jordal, O. Skarpaas, and O. Stabbetorp. 2014. Hotspot kulturmarkseng. beskrivelse av habitatet og forslag til nasjonalt overvåkingsopplegg fra ARKO-prosjektet.

Bratli, H., J. B. Jordal, O. Stabbetorp, and A. Sverdrup-Thygeson. 2011. Naturbeitemark - et hotspot-habitat. Sluttrapport under ARKO-prosjektets periode II. 714.

Didham, R., Tylianakis, J. M., Gemmell, N. J., Rand, T. A. & Ewers, R. M. 2007. Interactive effects of habitat modification and species invasion on native species decline. Trends in Ecology & Evolution 22: 489–496

Direktoratet for Naturforvaltning. 2009. Handlingsplan for slåttemark.

Emanuelsson, U. 2009. The Rural Landscapes of Europe – How man has shaped European nature. Formas.

Evju, M., O. Hanssen, O. E. Stabbetorp, H. Bratli, and F. Ødegaard. 2015. Strandeng–et hotspot-habitat. Sluttrapport under ARKO-prosjektets periode III. 1170.

Eriksson, O., Wikström, S., Eriksson, Å. & Lindborg, R. 2006. Species-rich Scandinavian grasslands are inherently open to invasion. Biological Invasions 18: 355–363

Forsgren, E., P. A. Aarrestad, H. Gundersen, H. Christie, N. Friberg, B. Jonsson, Ø. Kaste, M. Lindholm, E. B. Nilsen, and G. Systad. 2015. Klimaendringenes påvirkning på naturmangfoldet i Norge.

Henriksen, S., and O. Hilmo. 2015. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Trondheim.

Jauni, M. & T. Hyvönen. 2012. Positive diversity-invasibility relationship across multiple scales in Finnish agricultural habitats. Biological Invasions 14: 1379–1391

Johansen, L., K. Hovstad, and J. Åström. 2015. Åpent lavland. Page 131 - I: Framstad, E. (red). Naturindeks for Norge 2015. Tilstand og utvikling for biologisk mangfold. . Miljødirektoratet Rapport.

Kaland, P., and M. Kvamme. 2013. Kystlyngheiene i Norge–kunnskapsstatus og beskrivelse av 23 referanseomrader. Oslo: Miljødirektoratet.

Olsson EGA, G. Austrheim and SN Grenne. (2000) Landscape change patterns in mountains, land use and environmental diversity, Mid-Norway 1960-1993. Landscape Ecology 15: 155–170

Reinton, L. 1955. Seterbruket i Noreg Bind I. Aschehoug Co. (W.Nygaard), Oslo.

Stensgaard, K. 2017. Hvordan står det til på setra? Registrering av setermiljøer i perioden 2009–2015.

Stoate, C., A. Báldi, P. Beja, N. Boatman, I. Herzon, A. Van Doorn, G. De Snoo, L. Rakosy, and C. Ramwell. 2009. Ecological impacts of early 21st century agricultural change in Europe–a review. Journal of Environmental Management 91:22-46.

Veen, P., R. Jefferson, J. d. Smidt, and J. Straaten. 2009. Grasslands in Europe of high nature value. KNNV.

Wehn, S., and L. Johansen. 2015. The distribution of the endemic plant Primula scandinavica, at local and national scales, in changing mountainous environments. Biodiversity, 16(4), 278-288